Sergej M. Makarov

Sergej Mikhailovitsj Makarov (fødd 19. juni 1958) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Tsjeljabinsk som i tida 1978-91 vann åtte VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey.

Sergej M. Makarov


Statsborgarskap Russland
Fødd 19. juni 1958 (65 år)
Tsjeljabinsk
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980

Utmerkingar

Æresordenen, Arbeidets røde fanes orden, Ordenen folkenes vennskap, «Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen, Calder Memorial Trophy, Hockey Hall of Fame

Høgrevengen Makarov vart verdsmeister med Sovjetunionen i 1978-79, 1981-83, 1986, 1989-90. og olympisk meister i 1984 så vel som i 1988. I tillegg var han med om å vinne OL-sølv, VM-sølv og to VM-bronsar over dei 14 sesongane han spelte VM- og OL-kampar. Han noterte seg for 83 mål og 89 målpasningar i desse turneringane. Gjennom størstedelen av denne perioden danna han saman med Vladimir Krutov og Igor Larionov den verdskjende KLM-rekka.

Makarov spelte på Traktor Tsjeljabinsk frå 1976 til -78. Deretter var han CSKA Moskva-spelar i elleve år, åtte av åra vart han sovjetmeister med laget. Sidan var han aktiv på lag i National Hockey League i Nord-Amerika; 1989-93 i Calgary Flames og 1993-95. Han la opp i Dallas Stars i 1996.

Kjelder endre