Sevettijärvi (skoltesamisk Čeʹvetjäuʹrr, enaresamisk Čevetjävri, nordsamisk Čeavetjávri) er ein landsby i kommunen Enare i Finland, som er omtrent 120 km nord for tettstaden Enare. Landsbyen ligg omtrent 35 km sørvest for bygda Neiden i Finnmark, og er omgjeve av eit grønt, men likevel nake terreng.

Sevettijärvi

Landsbyen er på det som var havbunn i istida. Området er kjent for fjellformasjonane sine omkring strendene langs innsjøane mellom Sevettijärvi og Neiden. 

Sevettijärvi og omgivnadene er eit av kjerneområda for den skoltesamiske busetjinga. Majoriteten av dei omkring 350 innbyggjarar (ca. 90 %) er skoltesamar, sjølv om nokre få finnar har busett seg nord for landsbyen. Nokre få enaresamar og fjellsamar er òg busette der.

Sevettijärvi har 350 fastbuande. Bygda har skule, sjukeheim, og dessutan post og ein liten butikk i tilknyting til kafeen til staden. Vidare finst det ei ortodoks kyrkje, eit menighetshus og eit skoltesamisk tradisjonshus, som er museum.

Historie endre

Før 1949 budde det nokre få samiske familiar: Aikioane, Kittiane, Sarisane, Holmbergane, Högmanane og Kaarrettiane.

Landsbyen Sevettijärvi vart grunnlagt i 1949 som ei direkte følgje av den finske framhaldsskrigen med Russland. 51 skoltesamiske familiar vart evakuerte frå Petsjenga og flytta til Sevettijärvi, etter at Petsjenga vart russisk område.

I 1948 vedtok den finske staten å oppretta nye bustader for skoltesamane på begge sider av Enaresjøen, i høvesvis Nellim og Sevettijärvi. Dette var ei erstatning for dei skoltesamiske bustadene i dei områda som Finland hadde mista til Russland. På same tid finansierte den finske staten bygginga av ein skule, ein sjukeheim og eit kapell. Ein handelsmann frå tettstaden Enare oppretta ein butikk i landsbyen.

På slutten av 1960-talet vart det bygd veg til Sevettijärvi, som er farbar med bil. Før denne tida nytta innbyggjarane reinsdyr, ski og Bombardier snøscooterar på vinterstid, og sykkel eller båt på sommarstid, som kommunikasjonsmiddel med omverda.

I landsbyen finst eit gammalt tømra bustadhus, med gong, stove/kjøkken og eit kammers. Tømmerhuset er vorte flytta frå Kirakkajärvi og tener som museum. I muséet er det utstilt tradisjonelle skoltesamiske klede, gjenstandar av reinsdyrbein, korger fletta av fururøtter, ein rokk, handarbeid, eldre fotografi og teikningar av bygningar som matlager, sovestabbur, badstu og bakerovn og ein kalender som fortel om livet blant skoltesamane. I kammerset er det verna ortodokse ikon og eit lite heimealter.

På gardsplassen utanfor muséet finst det ein danseplatt der det vert arrangert dans. I lagerbygningane til gardsplassen er det utstilt skoltesamiske vinterklede, varer som er knytt til reindrift og fiskereiskapar.

Staden har òg ei ortodoks kyrkje, som tidlegare var kapell.

Ca. 10 km nord for Sevettijärvi finst fjellet Jänispää. Ved innsjøen Opukas, ca. 15 km frå Sevettijärvi, ligg ei hengebru over Neidenelva.

Kjelder endre