Simeon Garland Iness, kjend som Sim Iness (9. juli 193023. mai 1996) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i diskoskast i 1952.

Sim Iness
Statsborgarskap USA
Fødd 9. juli 1930
Keota
Død

23. mai 1996 (65 år)
Porterville

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952

Iness var fødd i Keota i Oklahoma, men voks opp i Tulare i California frå han var fire år gammal. Her vart han venn med Bob Mathias medan dei to var klassekameratar på vidaregåande skule. På 18-årsdagen deltok Iness i uttakingstevlingane til Sommar-OL i London, og vart nummer seks i diskoskast.

Fire år seinare var Iness med i Sommar-OL 1952 i Helsinki, der han med eit lengstekast på 55,03 m sigra framom favoritten, italienaren Adolfo Consolini. 20. juni 1953 satte Iness ny verdsrekord med 57,93 meter under eit stemne i Lincoln i Nebraska.

Etter at han var ferdig med studiane sine, arbeidde Iness som lærar. Han døydde i Porterville i California.

Kjelder endre