Singlett-tilstand

Singlett-tilstand er ein kvantemekanisk tilstand for eit system av elementærpartiklar, til dømes proton eller elektron, karakterisert ved at tilstanden har spinn null og difor ikkje kan spaltast opp i magnetiske undertilstandar. Spesielt er omgrepet brukt om tilstandar i atom eller molekyl der to elektron har motsett retta spinn.

Òg for andre kvantetal eller ladningar kan ein snakke om singlett-tilstandar. Til dømes er protonet og nøytronet «farge»-singlettar. Kvarkane som er byggesteinar for desse partiklane, er berarar av eit kvantetal (ladningstype), «farge» (som ikkje har noko med optiske farge å gjere, men er eit tilfeldig valt namn). Men fargeladningane til kvarkane er ordna slik at protonet ikkje har noko total fargeladning.

Kjelder endre

singlett-tilstand. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/singlett-tilstand