Slaget ved Carrickfergus i 1760

Slaget ved Carrickfergus fann stad i februar 1760 i Carrickfergus i Irland under sjuårskrigen. Ein styrke på 600 franske soldatar gjekk i land kommandert av kaperen François Thurot og tok den vesle garnisonen i byen og erobra borga.[1]

Slaget ved Carrickfergus
Del av sjuårskrigen

Dato 21. til 26. februar 1759
Stad Carrickfergus i Irland
Resultat Frankrike okkuperte byen i fem dagar før dei trekte seg attende
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Kommandantar
oberst John Jennings François Thurot
General Flobert
Styrkar
200 600
Sjuårskrigen: Quiberon
Le Havre - LagosQuiberonbukta - Carrickfergus

Då ord om hendinga nådde Dublin vart ein liten styrke dragonar sende av hertugen av Bedford som feilaktig frykta at det var ei skinnåtak for å trekkje britiske styrkar nordover, slik at den franske hovudstyrken kunne angripe Cork eller Dublin.

Thurot heldt byen i fem dagar, og trua den nærliggande Belfast og kravde forsyningar og løysepengar. Då den lokale militsen under general Strode og ein skvadron frå Royal Navy dukka opp utanfor kysten, sende Thurot styrken sin til sjøs att og forlet byen.[2]

Etterverknad endre

Thurot mista livet i eit sjøslag, men det at han hadde gått i land på fiendtleg jord vart hylla i Frankrike og han vart ein nasjonalhelt, dels fordi det han gjorde stod i skarp kontrast til inkompetansen som dei franske marineoffierane nyleg hadde vist i slaget ved Quiberonbukta.[3]

Kjelder endre

  1. McLynn p.385
  2. Longmate s.181
  3. McLynn s.386-87
  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Carrickfergus (1760)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Longmate, Norman. Island Fortress: The Defence of Great Britain, 1603-1945. Harper Collins, 1993
    • McLynn, Frank. 1759: The Year Britain Became Master of the World. Pimlico, 2005.
    • Rodger NAM. Command of the Ocean: A Naval History of Britain, 1649-1815. Penguin Books, 2006.

54°42′48″N 5°48′23″W / 54.71345°N 5.80629°W / 54.71345; -5.80629