61°29′25.102″N 7°36′15.782″E / 61.49030611°N 7.60438389°E / 61.49030611; 7.60438389

Påkosta brevhovud frå Sogn Iskompagni i Skjolden (1902).

Sogns Iskompagni var eit norsk aksjeselskap. I åra 1894-1913 dreiv Sogns Iskompagni isproduksjon i Skjolden. Firmaet profilerte seg som eit stort og hypermoderne anlegg med ishus med tranpsortband og skip som legg til kai og lastar.

Gode naturvilkår endre

Det låg godt til rette for isproduksjon i Skjolden. Klimaet i Indre Sogn har vore prega av kalde vintrar med etter måten lite nedbør. Temperaturmålingar på Fortun, 27 moh., kring 5 km frå Skjolden, viser ein middeltemperatur på -3,9 grader i vintermånadane desember, januar og februar. Det 0,7 kvadratkilometer store Eidsvatnet ligg berre 3 moh., og Eidselva renn med jamnt fall ut i sjøen lengst inne i Sognefjorden. Her kunne det haustast mykje is av god kvalitet, det var god plass for lagring, og like ved utløpet av Eidselva kunne det byggjast utskipingskai.

Istrafikk 1894-1913 endre

Utbyggjarane starta verksemda i 1893. Om hausten forhandla dei med grunneigaren, Torger S. Sulheim, på garden Eide på sørsida av elva. Dei ynskte å ta fram is, transportera til sjøen, lagra og skipa ut. Kontrakt vart underskriven 27. november 1893. Det er ingen opplysningar om produksjonen dei fyrste åra, men truleg vart dei fyrste isblokkene skorne vinteren 1894, frakta til sjøen med hestetransport og lagra i binge like ved ny trekai. Den fyrste isen vart etter alt å døma frakta ut fjorden på vårparten same året.

Seinare var det i regi av Sogns Iskompagni drive istrafikk i Skjolden fram til 1914. Forretningskonseptet gjekk ut på å hausta store mengder is om vinteren, lagra isen temperaturisolert i eit enormt ishus og så ta ut frå lageret og omsetja utover våren, sommaren og hausten. Jamnt og trutt skulle frakteskipa dampa ut fjorden lasta med beste sort is frå Eidsvatnet til kjøparar i Bergen og ute i verda, i Storbritannia og på Kontinentet. Dette skjedde nok òg, men på ingen måte i så stort omfang og så regelmessig som gründarane hadde fantasert om eller håpa på i starten. Å driva isbruk var ei usikker næring.

Aktørane endre

Bakmennene hadde solide titlar, kapital, røynsle og interesse for forretningsverksemd. Dei fleste var busette i Bergen. Namna står i firmaregisteret 1899. Sogns Iskompagni vart leia gjennom eit styre og ved ein disponent.

Arbeidsoppgåvene på produksjonstaden og på fraktefartya kravde fotfolk, til tider mange på ein gong. Alle desse veit me ikkje kven var. Sidan firmaarkivet manglar, er det uråd å rekonstruera selskapet sitt personale i vid tyding. Vi må nøya oss med namn vi finn spreidde i ulike samanhengar gjennom heile perioden.

Sogns Iskompagni var eit Bergensfirma, registrert i firmaregisteret fyrste gong 1899. Forretningskontoret låg i Bergen. På produksjonstaden i Skjolden hadde firmaet ein mann som sytte for den nødvendige styringa. Han var firmaet sin lokale forretningsførar. Elles veit me at fleire ti-tals personar i Skjolden fekk seg kjærkomne inntekter kvar gong det var behov for folk til byggearbeid, isskjering, transport og lasting.

Stort og toppmoderne anlegg endre

Produksjonsanlegget for naturis i Skjolden kring 1900 var eit av dei største i landet og topp moderne etter mønster frå USA. Det viste godt att langs elva mellom Eidsvatnet og fjorden. Særleg ishuset midt mellom vatnet og fjorden hadde imponerande dimensjonar. Huset vart rive like før 1920. Det einaste som vart ståande att, var eit lågt fundament fullt med sagflis. Ungdommane brukte seinare ishustomta som fotballbane. Enno kan ein sjå spor etter ishus-fundamentet.

Produksjonsanlegget ser ut til å ha vore utbygd gradvis. Nødvendige innretningar ved Eidsvatnet for å ta opp dei fyrste isblokkene, transportveg til sjøen, isbinge der og kai for utskiping, vart sette opp 1893/1894. Dei fyrste åra vart isen transportert frå vatnet med hest, seinare på transporband.

Største trebygningen nokon gong endre

Ishuset til A/S Sogns Iskompagni i Skjolden var truleg den største trebygningen som nokon gong har stått i Sogn og Fjordane. Det var kring 100 m langt, 30 m breitt og bortimot 20 m høgt. Enorme mengder trelast gjekk med til å byggja det. Mesteparten, om ikkje alt, kom frå Frønningen Skov- og Sagbruk. Isblokkene blei plassert rekkjevis og lagvis. Ved hjelp av sagflis i tjukke lag under, i veggene og over - på same måte som isolasjonen i ein fryseboks - heldt isen seg i lange tider, ja, gjennom heile sommaren til neste år og jamvel lenger. Halvtaket på ishuset var tekt med vel 400 bølgeblekkplater innkjøpte frå England.

I 1916 gjorde ein kraftig storm stor skade på taket. To menn vart hyrte inn til å samla opp bortblesne plater og reparera. Etterpå sende dei rekning for 50 arbeidstimar. I 1917 gjekk den svære bygningen under hammaren på konkursauksjon, og vart truleg riven kort tid etter.

Transportrenne endre

Transportbanane til og frå ishuset var renner med kjerrat. Kjerrat kjem frå det tyske ordet kerrad som eigentleg tyder vendehjul. Transportbanda gjorde at dei kring 100 kg isblokkene kunne transporterast i jamn fart oppover (frå vatnet opp til øvste delen av ishuset) og nedover (på bana frå ishuset til lasteplassen). Transportbanda var drivne av kraft frå ei 50 hk dampmaskin plassert i eit eige maskinrom på nedsida av ishuset.

Elektrisk lys endre

Sogns Iskompagni hadde eit lite elektrisk lysverk på anlegget sitt. Nøyaktig kva år det lyste frå elektriske lyspærer i Skjolden veit me ikkje, men i alle høve var lysverket til Sogns Iskompagni eit av dei første i fylket.

Mange spesialreiskapar endre

Å hausta is, transportera, lagra og lasta, slik dei gjorde det i Skjolden, kravde til sine tider mange mann i arbeid, og mange spesialreiskapar. Då selskapet vart slege konkurs i 1915, var lensmannen tilstades og registrerte det faste anlegget og lausøyra.

Registreringslista viser kva slags reiskapar iskompaniet hadde i 1915, me får vita noko om omfanget, og me får ein peikepinn om kva slags spesialreiskapar dei brukte ved eit isbruk. Heile 10 har is i namnet: isbor, isøks, ishøvel, isplog (amerikansk og norsk), issag, isgaffel, isjern, ishake, issaks (handsakser og heisesakser) og isskuffel. Utanom spesialreiskapane for arbeid med isen, hadde kompaniet mellom anna ei fullt utstyrt smie og ein 36 hk petroleumsmotor. Dampmaskina er ikkje nemnt særskilt.

Veret avgjerande endre

Istrafikken var ei usikker næring der vertilhøva spelte ei avgjerande rolle for resultatet. På produksjonstaden ynskte folk seg lange periodar med kuldegrader og opphaldsvêr slik at det det danna seg tjukk og solid stålis. Dei prismeforma isblokkene på standardstorleiken 62x62x31cm skulle helst vera gjennomsynlege. Innslag av kvit snøis var ikkje bra.

Elles hadde vêret i eksportlanda mykje å seia. I England passa det godt med mildvêr vinterstid. Då vart det liten eller ingen isproduksjon der, noko som førte til større etterspurnad etter norskprodusert is.

Selskapet si årsmelding for 1910 har eit illustrerande døme på kor fort det kunne gå opp og ned med etterspurnad og prisar. Selskapet sat våren 1910 med store ismengder i Skjolden. Utsiktene var gode. Tyskland melde seg tidleg i marknaden, men bydde så låge prisar at ein ikkje fann det rekningssvarande å selja. Men så, i byrjinga av juli, fauk prisane i veret, og selskapet fekk selja to laster på svært gode vilkår. Men høgkonjunkturen var kortvarig. Alt før tredje lasta var klar, hadde situasjonen forandra seg heilt. I tyske hamner blei det selt spekulasjonsis i vill panikk til prisar under halvparten av prisane like før.

Store mengder is endre

Det er ikkje opplysningar om kor mykje is som blei produsert og omsett frå år til år. Men ein finn kvantaopplysningar om årsproduksjon to stader, i amtmannen sine femårsmeldingar i perioden 1895-1906 og i selskapet si årsmelding for 1910.

Amtmannsmeldingane opplyser at produksjonen i 10-årsperioden 1895-1906 låg på frå 1400 til 8000 registertonn (2,83 kubikkmeter per registertonn. 8000 registertonn tilsvarar ca 20.000 tonn is).

I årsmeldinga for 1910 finn ein og eit handfast tal. Ved utgangen av 1909 var lagerkapasiteten i ishuset fullt utnytta og ein valde å ikkje hausta is den påfylgjande vinteren. Men då utsiktene til god avsetning til Tyskland utpå vinteren tyktest gode, sette ein likevel i gang med isskjering. I alt blei det bingelagt 7-8000 tonn.

Ein veit ikkje sikkert når Sogns Iskompagni slutta å skjera og lagra is ved anlegget sitt. I bustyret si melding til skifteretten, datert 1919, går det fram at styret valde å gå til isskjering vinteren 1913 trass i at ein ikkje hadde midlar til å betala arbeidslønene. Men, så veit me og at det hausten 1915 låg 5000 tonn is på lager og at det så seint som i 1917 blei selt et parti is på konkursauksjon. Men dette kan ha vore gamal årgangsis.

Produksjonstabell: 1896 3.900 tonn 1901 22.400 tonn 1906 22.400 tonn 1909 7-8000 tonn

Til Bergen og utlandet endre

Sogns Iskompagni produserte og omsette is både innanlands og for eksport. Selskapet selde is til kundar i Bergensområdet, til dømes til ising av fisk for eksport. Kompaniet hadde eit mindre islager i Bergen for lokal omsetning. Dei hadde tre lektarar, "Anna Carolina", "Roska" og "Kaia", til å frakta bergensisen i. Eksportisen gjekk i hovudsak beinveges til isimportørar i Storbritannia, Danmark og Tyskland, eller ved eit par tilfelle også gjennom eksportørar på Austlandet. Etter alt å døma var Storbritannia det største mottakarlandet av Skjolden-is.

Punktum i 1919 endre

Den 16. august 1915 kunngjorde Bergens skifterett at Sogns Iskompagni var slege konkurs og teke under behandling som konkursbu. Det hadde skjedd etter krav frå kreditorar. Etter dette fylgde 4 år med omfattande aktivitet: brevskriving, møte, forhandlingar og rettsprosedyre. Dei vart mange etterkvart som melde krav og som med advokatar i spissen stod på for å få mest mogeleg att. Først i 1919 kunne bustyret signera den lovbefalte meldinga til skifteretten.

Bustyret si melding er fyrste ei oppsummering av den forretningsmessige sida ved verksemda, frå starten til aksjeselskapet i 1898 til konkursen i 1915, samt ei vurdering av styret sine disposisjonar. Meldinga slår fast at verksemda aldri vart god forretning. Berre eitt einaste år, i 1901, var drifta lønsam nok til å dela ut aksjeutbyte. Seinare veikna det økonomiske grunnlaget heile vegen, trass i fleire lånetilskot frå aksjonerane.

Iseventyret til Sogns Iskompagni slutta i røynda vinteren 1913. Seks år seinare, i 1919, sette Bergen Skifterett det endelege punktum.

Kjelder endre