Sometimes I Feel Like Screaming

Sometimes I Feel Like Screaming
Single av Deep Purple
frå albumet Purpendicular
Utgjeve 1996
Sjanger Rock, progressiv rock
Lengd 7:29
Låtskrivar(ar) Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord, Steve Morse, Ian Paice
Deep Purple-kronologi 
«Time to Kill»
(1993)
Sometimes I Feel Like Screaming «Any Fule Kno That»
(1998)


«Sometimes I Feel Like Screaming» er ein song på Purpendicular, det første studioalbumet til Deep Purple med gitaristen Steve Morse. Albumet kom ut i februar 1996. SOngen kom ut på CD-singel i lag med songen «Vavoom: Ted the Mechanic».[1]

Steve Morse hugsa korleis songen vart til: «"Sometimes I Feel Like Screaming" byrja med at eg spelte stille for meg sjølv. Roger og Jon høyrde kva eg heldt på med og sa: "Kva var det no igjen? La oss sjå om det fungerer saman med dette." Det vart ein song den dagen. Alle idear kan veksa frå ei spire til eit tre».[2]

«Sometimes I Feel Like Screaming» var ein av dei første låtane som vart spelt inn med Steve Morse på gitar. Den inneheld ein skrytande melodisk stil og vokalutbrot av Ian Gillan og blir avslutta med ein gjenteken gitarsolo av Morse.

Songen var med på følgjande konsertalbum av Deep Purple: Live at The Olympia '96 (1997),[3] Total Abandon: Australia '99 (1999),[4] In Concert with The London Symphony Orchestra (2000),[5] The Soundboard Series (2001),[6] Live at the Rotterdam Ahoy (2002),[7] Live at Montreux 1996 (2006).[8]

Singel endre

Alle songar skrivne av Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord, Steve Morse, Ian Paice.

  1. «Sometimes I Feel Like Screaming» (redigert versjon) - 4:35
  2. «Vavoom: Ted the Mechanic» - 4:16
  3. «Sometimes I Feel Like Screaming» - 7:29

Kjelder endre