Songen Nine Lives

Nine Lives
Singel av Aerosmith
frå albumet Nine Lives
Utgjeve 1997
Innspelt 1996
Sjanger Hardrock, punk rock, proto-punk
Lengd 4:01
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Steven Tyler, Joe Perry, Marti Frederiksen
Produsent Kevin Shirley
Aerosmith-kronologi 
«Walk on Water»
(1995)
Nine Lives «Falling in Love (Is Hard on the Knees)»
(1997)


«Nine Lives» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Han vart gitt ut i 1997 som førstesingel og tittelspor frå albumet Nine Lives. Songen vart skriven av vokalist Steven Tyler, gitaristen Joe Perry og låtskrivaren Marti Frederiksen.[1]

Songen startar med at Tyler imiterer kattejamring.

Hitlisteplassering endre

«Nine Lives» vart gitt ut som ein promoteringssingel til rockeradio og nådde ein 37. plass på Mainstream Rock Tracks-lista i 1997.

På konsert endre

På den lange Nine Lives-turneen deira frå 1997-1999 var «Nine Lives» nesten alltid opningsnummeret. Bandet framførte òg songen på nokre få TV-opptredenar, inkludert ein på Saturday Night Live.

I andre medium endre

«Nine Lives» er ein av dei to temasongane framførte av Aerosmith brukt i videospelet Dead or Alive 3 for Xbox laga av Team Ninja. Han blir spelt under introen.

Songen blir òg spelt på Rock 'n' Roller Coaster Starring Aerosmith i Disney's Hollywood Studios i Walt Disney World. Denne er eksklusiv for «Limousine» (karusell) med nummerskiltet «1QKLIMO».

Kjelder endre