Songen The Miracle

The Miracle
Singel av Queen
frå albumet The Miracle
B-side

«Stone Cold Crazy» (live)

Språk engelsk
Utgjeve 27. november 1989
Innspelt 1988 – 1989
Sjanger rock
Lengd 5:02
Selskap Parlophone, Capitol
Komponist John Deacon
Tekstforfattar Freddie Mercury, John Deacon
Låtskrivar(ar) Queen
Produsent Queen and David Richards
Queen-kronologi 
«Scandal»

(1989)

The Miracle «Innuendo»

(1991)


«The Miracle» er ein song av Queen frå 1989 på albumet med same namn. Han vart gjeven ut som den femte singelen frå albumet og vart skriven av heile bandet, med Freddie Mercury og John Deacon som dei største bidragsytarane.[1] Songen vart gjeven ut som singel seint i november 1989, seks månader etter albumet.

Omslaget til singelen baserte seg på omslaget til albumet omgjort til eit hologram-aktig bilete. B-sida til singelen var ein konsertversjon av songen «Stone Cold Crazy».

Ideen til songen kom frå Freddie Mercury og John Deacon, som skreiv grunnstrukturen til songen. Alle fire medverka med tekst og musikalske idear, og songen er tilskriven heile bandet, sidan dei vart samde om å gjere dette under innspelinga av heile albumet, uansett kven som var låtskrivar. Både Mercury og May rekna songen som ein av favorittane sine, medan Taylor sa det ikkje var ein av hans favorittar, men respekterte han som «ein særs kompleks song».

Songen skildrar fleire av «Guds skapningar, store og små», som store byggverk som Taj Mahal og Babeltårnet, alle skildra som «miraklar» i songen, men mirakelet som «me alle ventar på» er «fred på jorda og slutt på all krig». Songen referer til kjende personar som Kaptein Cook, Kain og Abel og Jimi Hendrix.

Musikkvideo endre

Musikkvideoen til songen inneheld fire unge gutar som ein trur er Paul Howard som Brian May, James Currie som John Deacon, Adam Gladdish som Roger Taylor og den då ukjende Ross McCall som Freddie Mercury. Dei spelar som Queen på scenen. Gjennom videoen spelar McCall fire forskjellige versjonar av Mercury, frå 1970-åra og fram til då. Queen sjølv dukkar opp mot slutten av videoen.

Medverkande endre

Lister endre

Liste (1989) Plassering Veker på lista
Den nederlandske singellista[2] 16 9
Den tyske singellista[3] 78 4
Irish Singles Chart[4] 23 1
UK Singles Chart[5] 21 5

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre