Spettsporv

art av sporvefuglar
Spettsporv
Spettsporv Foto: Wikipedia-brukar BBODO
Spettsporv
Foto: Wikipedia-brukar BBODO
Utbreiing
Utbreiinga av Spettsporv
Utbreiinga av Spettsporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Camarhynchus
Art: Spettsporv C. pallidus
Vitskapleg namn
Camarhynchus pallidus

Spettsporv (Camarhynchus pallidus) er ein liten sporvefugl i gruppa nemnt som darwinfinkane i tanagarfamilien, Thraupidae. Spettsporvar lever spreidd på dei fleste av Galápagosøyane, frå havnivå opp til høgtliggande område. Dei er mest kjente for å bruke trepinnar som verktøy for å få tak i byttedyr frå holrom i trestammar.

Det engelske namnet på arten er 'Woodpecker finch'. Hakkespettfink har òg vore brukt på norsk.

Skildring endre

Spettsporven er ein mellomstor tanagar med storleik som ein gråsporv, kroppssvekta er ca. 23-29 gram.[1] Fjørdrakta er lite iaugefallande lys, gråoliven, og nebbfarga er rosa for ungfuglar, men endrast mot svart når dei blir vaksne fuglar.

Spettsporven er endemisk for Galápagosøyane og er utbreidd på øyar med vegetasjon. Han er mest vanleg i den fuktige sona med eviggrøn skog mellom 300 og 700 moh., i tillegg finn ein spettsporv i mindre mengd under dette nivået der biotopet er tørrare med kaktusar og buskar.[2]

Dietten består av virvellause dyr slik som larver, plukka frå tre og buskar.[2]

Mange spettesporvar dannar monogame og livslange par, men det er òg observert hekking med meir enn ein partnar. Dei vernar eit territorium i hekketida og byggjer eit lite overbygd reir med sideinngang. Kullet er vanlegvis på 3 egg. Klekkinga skjer etter ca. 12 dagar og ungane kan forlate reiret etter 2 veker.[2]

Darwinfink endre

Nebbet til spettsporven er spesialisert for habitat og kosthald, jamført med andre darwinfinkar er nebbet relativt langt og spisst for å trekkje ut byttet frå holrom.[2]

Denne fuglearten har blitt kjent som brukar av verktøy, det vil seie små, tilpassa trepinnar eller kaktuspiggar. Spettsporvar kan lirke ut byttedyra frå hòlrom i tre med hjelp av en slik pinne. Det same verktøyet kan brukast mange gonger på mange ulike tre. Forskarar har observert at sporvane kan forkorte pinnen eller piggen for å gjere han meir handterleg. Sporvane kan òg prøve ut ulike pinnar eller piggar på ein stad før dei finn akkurat den rette som kan få ut byttedyret.

I den tørre årstida kan spettsporvar bruke verktøyet i under halvparten av tida dei brukar til å få tak i opp til 50 % av byttedyra. I den våte årstida er byttedyra lettare tilgjengelege, og spettsporven vil då oftast bruke det spesialiserte nebbet til å få tak i byttedyra.

Sittellaer, Daphoenositta er andre fuglar som har liknande evne bruk av verktøy.[3][4]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. The Darwin Initiative Husbandry Guidelines for the Woodpecker Finch (Camarhynchus pallidus) Arkivert 2012-07-09 ved Wayback Machine. at Charles Darwin Foundation Sept 2009
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 ARKive Species factsheet: Woodpecker finch (Camarhynchus pallidus) Arkivert 2013-02-23 ved Wayback Machine.. Henta frå www.arkive.org den 3. februar 2013.
  3. Shumaker, Robert W.; Kristina R. Walkup; Benjamin B. Beck (15. april 2011). Animal Tool Behavior: The Use and Manufacture of Tools by Animals. JHU Press. s. 47. ISBN 9780801898532. 
  4. Louis Lefebvre, Nektaria Nicolakakis and Denis Boire, Tools and Brains In Birds, Behaviour 139, 939-973

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spettsporv