Square Enix Holdings Co., Ltd.(株式会社スクウェア・エニックス・ホールディングス Kabushiki-gaisha Sukuwea Enikkusu Hōrudingusu) er eit japansk føretak som produserer og gjev ut dataspel. Square Enix er mest kjend for rollespelseriane Final Fantasy, Dragon Quest og Kingdom Hearts. Square Enix vart skipa i 2003, som eit resultat av ein fusjonering mellom dei tidlegare konkurrentane Square og Enix. Square Enix eig dessutan dataspelprodusentane Taito Corporation og Eidos Interactive.