Steve von Bergen

sveitsisk fotballspelar

Steve von Bergen (fødd 10. juni 1983 i Neuchâtel) er ein sveitsisk fotballspelar som har spela i forsvar for Cesena i italiensk Serie A, og for det sveitsiske landslaget.

Steve von Bergen
Personleg informasjon
Fødd 10. juni 1983
Fødestad Neuchâtel
Høgd 181 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Cesena
Nummer 25
Ungdomsklubbar
1991-96
1996-2000
Sveits Hauterive
Sveits Neuchâtel Xamax
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-05
2005-07
2007-10
2010-
Sveits Neuchâtel Xamax
Sveits Zürich
Tyskland Hertha Berlin
Italia Cesena
126 (1)
68 (0)
68 (0)
1 (0)
Landslag
2003-04
2006-
Sveits Sveits U21
Sveits Sveits
11 (0)
16 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. august 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 25. juni 2010

Von Bergen vart seriemeister i Sveits med Zürich i 2006 og 2007. Han forlet Sveits til fordel for Hertha Berlin i tysk Bundesliga i 2007, og spelte der fram til sommaren 2010. Då kontrakten hans då gjekk ut, gjekk han til den nyopprykte klubben Cesena i Serie A.

Von Bergen debuterte for Sveits sitt A-landslag 6. september 2006 i ein privatlandskamp mot Costa Rica. Han låg godt an til å bli tatt ut i troppen til fotball-EM i 2008, men vart til slutt utelukka då han braut handa. Han var med i troppen til fotball-VM i 2010, der han spelte i alle dei tre kampane til Sveits.