Stormsvaler

Wikimedia-fleirtydingsside
Sjå òg artikkelen om arten stormsvale, (Oceanodroma leucorhoa), engelsk namn Leach's storm petrel

Stormsvale er ei fellesnemning for sjøfuglane funne i oseansvalefamilien og i stormsvalefamilien, begge i ordenen Procellariiformes, stormfuglar. Desse minste av sjøfuglane lever pelagiske og beitar på planktonkrepsdyr og småfisk som dei plukkar opp frå havoverflata, vanlegvis medan dei «vandrar» på overflata. Flukta er blaffrande og somme tider flaggermusaktig.

Stormsvalene har ein kosmopolitisk distribusjon, dei er funne på alle hava. Dei er strengt pelagiske og kjem på land berre for å reprodusere. For dei fleste artane finst det lite kunnskap om åtferd og utbreiing på havet, der kan stormsvalene vere krevjande å observere og vanskeleg å identifisere. Dei rugar i koloniar på isolerte øyar, viser sterk tendens til å vende att til kolonien og reirplassen kor dei vart fødde. Reirplassen ligg i sprekkar eller hòler og alle bortsett frå ein art er nattaktive. Parbanda er livslange og dei deler på ruging og fôring av ungar. I likskap med mange andre artar av sjøfugl har dei lang rugetid, opptil 50 dagar og etter det ca. 70 dagar før ungane er flygeferdige.

Fleire artar av stormsvaler er trua av menneskelege aktivitetar. Ein art, guadalupestormsvale, var tidlegare rekna som utdøydd og maoristormsvala vart gjenoppdaga i 2003. Det sterkaste trugsmålet mot stormsvalene er introduserte artar i hekkekoloniane, særleg pattedyr.

Taksonomi endre

Stormsvaler er delt inn i sju biologiske slekter, og dei var tidlegare ofte gruppert i to underfamiliar, Oceanitinae og Hydrobatinae. Frå 2017 blei klassifiseringa endra slik at dei no er rekna som familietakson:[1][2]

Få fossile artar er funne, med dei eldste er frå øvre miocen.[3]

Historie endre

I 2004 og 2017 fann genetiske analysar at slekta Oceanodroma må slåast saman med slekta Hydrobates, fordi den einaste arten av Hydrobates, havsvale (Hydrobates pelagicus), vart funne å ha sterkare slektskap med artar i slekta Oceanodroma enn kva desse artane hadde innbyrdes i Oceanodroma.[4][5] Namnet Hydrobates vart introdusert av ornitologen Friedrich Boie i 1822 og har dermed prioritet framfor namnet Oceanodroma, som vart introdusert av ornitologen Ludwig Reichenbach i 1853. Derfor vart alle artane i Oceanodroma overført til Hydrobates.[6][7][4]

Det er framleis uløyste fylogenetiske relasjonar mellom artane i stormsvalefamilien, Hydrobatidae. Eit døme er perustormsvala. Ein genetisk analyse av Wallace og kollegaer i 2017 fann at perustormsvale var systerarten til bajastormsvala. Dette vart seinare utfordra av Alvaro Jaramillo, som hevda at Wallace og kollegaer tok feil av eit eksemplar av bajastormsvale for perustormsvale. Derfor er forholdet mellom perustormsvale og andre medlemmer av slekta framleis uklårt.[5][8]

Morfologi og flyging endre

 
Uvanleg for Hydrobatidae-stormsvalene, så har gråstormsvala ei heilt grå fjørdrakt
Foto: C. Schlawe/US Fish and Wildlife Service

Stormsvaler er dei minste av alle sjøfuglane, varierer i storleik frå 13 til 26 cm i lengd. Kroppsforma til artane i oseansvalefamilien skil seg noko frå dei i stormsvalefamilien. I stormsvalefamilien finn ein artar med relativt lange venger, gaffelforma eller kileforma halar og bein som er kortare enn halen i flukt. Artane i oseansvalefamilien derimot har kortare venger, bein som rekker bak haletuppen i flukt og mange med rettkanta halar. Beina til stormsvalene i begge familiar er proporsjonalt lengre enn dei andre stormfuglane, men dei er veldig svake og klarar ikkje å stø kroppsmassen til fuglen meir enn til nokre få skritt.[3]

Generelt er stormsvaleartane i begge familiar notorisk vanskelege å identifisere på sjøen, og somme trur at mykje publisert informasjon om observasjonar ikkje er korrekt, og at bilete i dei største sjøfuglbøker og nettstader ofte har feilaktig artsnamn.[9]

 
Fregattstormsvala vandrar over vassflata i ein serie av byksande sprang
Foto: Wikipedia-brukar Aviceda

Stormsvaler i begge familiane brukar ei rekkje teknikkar i tillegg til ordinær flyging. Dei fleste artane vil ved behov plukke føde frå vassoverflata, dei flyttar då føtene på overflata utan å trø igjennom, det kan dei gjere ved å få løft av vinden til å halde seg oppe.[10] Denne metoden for å ete mens dei flyg, er mest brukt av Oceanitidae-stormsvalene. Fregattstormsvala kan vise til ein unik variant når dei held vengene urørleg og i ein vinkel mot vinden skyv seg sjølv opp og framover vassoverflata i ei rekkje sprang.[11] Stormsvaler kan òg bruke glideflukt til å segle over havoverflata, dei kan utnytte energien frå den vertikale vindgradient over bølgjefrontar.[12][13] Stormsvaler kan òg gå mot vinden for å få løft og vinne høgd for så å gli ned mot sjøen.

Føde endre

Ein kjenner lite til dietten til mange stormsvaleartar på grunn av vanskar med å forske på fødeinntak, men ein trur familien samla sett konsentrerer seg om krepsdyr.[14] Mange artar tar òg småfisk og blautdyr. Nokre artar er kjente for å vere noko meir spesialisert, til dømes er gråryggstormsvale kjent for å konsentrere seg om larver av langhalsar, Pedunculata.

Nesten alle artar beitar i pelagisk sone, med unntak av dansestormsvaler som er kystnært næringssøkjande ved Galápagosøyane. Jamvel om stormsvaler er i stand til å symje godt og ofte legg seg tett saman på vassoverflata, et dei ikkje når dei ligg på vatnet. I staden beitar dei vanlegvis når dei svevar over eller «vandrar» på overflata og nappar små matbitar. Berre sjeldan gjer dei grunne dukk under overflata for å få tak i byttedyr.[3]

Som mange andre sjøfuglar vil stormsvaler ofte halde seg saman med andre sjøfuglartar og marine pattedyr for å skaffe føde. Ein trur at predatorar slik som sel og pingvinar skyv byttedyr opp mot overflata i eiga jakt, det gjer at føda blir tilgjengeleg for stormsvaler, og stormsvalene dreg dermed nytte av samværet.[15]

Utbreiing og rørsler endre

Stormsvaler finst på alle verdshava, men som hekkefuglar har dei fråvære frå området i det vestlege Indiahavet, Polhavet, og dessutan dei austlege områda av Middelhavet, heile Svartehavet og område med brakkvatn. Oceanitidae finst vanlegvis på den sørlege halvkula og Hydrobatidae-stormsvalene på den nordlege halvkula.[14]

Fleire stormsvaleartar gjer lange migrasjonar etter hekkesesongen. Arten med lengste trekkruta er oseanstormsvala som etter hekking i Antarktis og på Dei subantartiske øyane jamleg kryssar ekvator til farvatn i Nord-Stillehavet og Nord-Atlanteren. Andre artar gjer vandringar av ulik lengd, til dømes gjer japanstormsvale lange trekk; hekkar i Vest-Stillehavet og vandrar til vestlege Indiahavet.[16] Bajastormsvale, derimot, gjer kortare trekke, dei hekkar i sørlege California og trekkjer ned langs kysten av Mellom-Amerika, så langt sør som til Colombia.[17] Endeleg er det nokre artar som ein trur i det alt vesentlege er standfuglar og ikkje trekkjer langt bort frå øyane der dei hekkar, hawaiistormsvale og gråryggstormsvale er begge døme på dette.

Hekking endre

Stormsvaler er kolonihekkarar, for det meste på øyar, jamvel om nokre artar hekkar på fastlandet, spesielt på Antarktika-kontinentet. På hekkeplassane er dei nattaktive for å unngå rovdyr.[18] Dagstormsvale, som hekkar på Galápagosøyane, er unntaket frå denne regelen i det dei kjem inn til hekkeplassane sine på dagtid.[19] Stormsvaler er sterkt filopatriske, dei vil seie at dei stort sett held seg til same kolonien gjennom livet. I eit tilfelle vart ei passatstormsvale fanga som voksen 2 meter frå hòla der ho var klekt.[20] Stormsvaler hekkar anten i hòler gravne i jord eller sand, eller i små sprekkar i stein og ur. Konkurransen om hekkeplassane er intens i koloniar der stormsvaler konkurrerer med gravande petrellar, og lirer har blitt registrert å drepe stormsvaler for å okkupere reirhòlene deira.[21] Koloniar kan vere svært store og tette. 840 000 par fregattstormsvaler hekkar på Søraustøya i Chatham-øyane, der rugehòlene ligg i tettleikar på mellom 1,18 til 0,47 per m²; det er registrert tettleikar så høgt som 8 par / m² for passatstormsvaler på Galápagosøyane. Koloniar på 3,6 millionar fuglar for arten stormsvale (Oceanodroma leucorhoa) har vore registrert.[22]

 
Unge av gråstormsvale
Foto: Hillebrand, Steve

Stormsvaler er monogame og dannar langsiktige parsamband som varar i fleire år. Studiar av farskap ved hjelp av DNA-fingerprinting har vist at i motsetnad til mange andre monogame fuglar, så førekjem det svært sjeldan utruskap eller ekstraparkopulasjon i dei to stormsvalefamiliane.[23] Som med dei andre Procellariiformes, legg dei eitt egg i kullet. Viss hekkinga mislukkast, vil dei vanlegvis ikkje legge eit nytt egg, jamvel om det kan førekomme. Begge kjønn rugar på skift på opp til seks dagar. Det tar 40 til 50 dagar før egget er klekt, så må ungen varmast kontinuerleg i ytterlegare 7 dagar eller så før han kan vere åleine i reiret gjennom dagen når foreldra hentar mat. Foreldra kjem med maten om natta. Måltida veg rundt 10-20 % av kroppsvekta til foreldra, og bestå av både byttedyr og mageolje. Mageolja er energirik, med brennverdi på ca. 9600 kaloriar per gram. Olje er av delvis fordøydde byttedyr som blir produsert i framdelen av fordøyingskanalen kjent som proventriculus.[24] Stormsvaler nyttar mageolje til å maksimere energimengda som ungane kan ta i mot i eit måltid etter ein fòringstur, ein fordel for små sjøfuglar som berre kan gjere eit besøk til ungen i løpet av døgnet.[25] Den gjennomsnittlege tida til ungane blir flygedyktige varierer med art, det tar mellom 50 og 70 dagar. Samla tid frå egglegging til ungen er sjølvstendig er lang, men det er typisk for sjøfuglar som har lang levetid og investerer mykje innsats i kull på få ungar.[26] Stormsvaler er registrert å leve så lenge som 30 år.[27]

Truslar og vern endre

 
Nedgangen i bestanden av kaliforniastormsvaler har ført til at arten er erklært trua av IUCN.
Foto: Duncan Wright

Fleire artar i dei to stormsvalefamiliane er trua av menneskeleg aktivitet.[28] I begge stormsvalefamiliane finst langt større andel raudlista artar enn gjennomsnittleg for fuglefamiliar, Verdas naturvernunion, IUCN, klassifiserer 46 % av stormsvaleartane som «nær truga» eller høgare. Blant dei 17 artane i stormsvalefamilien Hydrobatidae er heile ni artar raudlista.[6]

Maoristormsvale, er oppførte som kritisk trua hos IUCN. Guadalupestormsvala har ikkje blitt observert sidan 1906 og dei fleste autoritetar reknar arten som utdøydd. Maoristormsvale var òg trudd å vere utdøydd i mange år, men i 2003 vart ho funnen igjen, jamvel om populasjonen truleg er svært liten. Ein art, kaliforniastormsvale, er oppført som truga av IUCN på grunn av ein 42 % nedgang over tjue år,[29] og to andre artar er òg oppførte som sårbare eller verre. I tillegg er fire artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data». Ein kjenner ikkje hekkestadane for ringstormsvale og den nyleg gjenoppdaga maoristormsvala.

Stormsvaler står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Guadalupestormsvala vart driven til utrydding av villkattar,[30] og slike introduserte rovdyr er òg årsak til nedgang blant andre artar. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.

Kjelde endre

Referansar endre

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson. 2018. Updates & Corrections - August 2018 Bolk «pages 13-14, 699, Southern Storm-Petrels Oceanitidae» om godtaking av Oceanitidae som ein ny familie. Henta 24. februar 2019
  2. Morten Bergan (05.03.2019) Wilsonstormsvalen får nytt norsk navn: oseanstormsvale Henta frå birdlife.no den 14. april 2019
  3. 3,0 3,1 3,2 Carboneras, Carles (1992). «Family Hydrobatidae (Storm petrels)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A.; Christie D. Ostrich to Ducks. Handbook of the Birds of the World. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. s. 258–265. ISBN 84-87334-10-5. 
  4. 4,0 4,1 Penhallurick, John; Wink, Michael (2004). «Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariiformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene». Emu - Austral Ornithology 104 (2): 125–147. Bibcode:2004EmuAO.104..125P. doi:10.1071/MU01060. 
  5. 5,0 5,1 Wallace, S.J.; Morris-Pocock, J.A.; González Solís, J.; Quillfeldt, P.; Friesen, V.L. (2017). «A phylogenetic test of sympatric speciation in the Hydrobatinae (Aves: Procellariiformes)». Molecular Phylogenetics and Evolution 107: 39–47. PMID 27693526. doi:10.1016/j.ympev.2016.09.025. 
  6. 6,0 6,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (Juli 2023). «Petrels, albatrosses». IOC World Bird List Version 13.2. International Ornithologists' Union. Arkivert frå originalen 17. februar 2022. Henta 25. november 2023. 
  7. Chesser, R.T.; Burns, K.J.; Cicero, C.; Dunn, J.L.; Kratter, A.W; Lovette, I.J.; Rasmussen, P.C.; Remsen, J.V. Jr; Stotz, D.F.; Winker, K. (2019). «Sixtieth supplement to the American Ornithological Society's Check-list of North American Birds». The Auk 136 (3): 1–23. doi:10.1093/auk/ukz042. 
  8. Medrano, F., J. Drucker, og A. Jaramillo (2021). Markham's Storm-Petrel (Hydrobates markhami), version 2.1. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, S. M. Billerman, og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.maspet.02.1
  9. Onley and Scofield, (2007) Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World. Helm ISBN 978-0-7136-4332-9
  10. Withers, P.C (1979) Aerodynamics and Hydrodynamics of the ‘Hovering’ Flight of Wilson's Storm Petrel Journal of Experimental Biology 80: 83-91 [1]
  11. Erickson, J. (1955) Flight behavior of the Procellariiformes The Auk 72: 415-420 [2] Arkivert 2011-11-29 ved Wayback Machine.
  12. Pennycuick, C. J. (1982). «The flight of petrels and albatrosses (Procellariiformes), observed in South Georgia and its vicinity». Philosophical Transactions of the Royal Society of London B 300 (1098): 75–106. doi:10.1098/rstb.1982.0158. 
  13. Brinkley, E. & Humann, A. (2001) Storm petrels in The Sibley Guide to Bird Life and Behaviour (Elphick, C., Dunning J. & Sibley D. eds) Alfred A. Knopf:New York ISBN 0-679-45123-4
  14. 14,0 14,1 Brooke, M. (2004). Albatrosses And Petrels Across The World Oxford University Press, Oxford, UK ISBN 0-19-850125-0
  15. Harrison N., Whitehouse M., Heinemann D., Prince P., Hunt G., Veit R. (1991) Observations of Multispecies Seabird Flocks around South Georgia Arkivert 2009-03-04 ved Wayback Machine. Auk 108(4): 801-810
  16. Van Den, Berg AB; Smeenk, C; Bosman, CAW; Haase, BJM; Van Der, Niet AM; Cadée, GC (1990). «Barau's petrel Pterodroma baraui, Jouanin's petrel Bulweria fallax and other seabirds in the northern Indian Ocean in June–July 1984 and 1985». Ardea 79: 1–14. 
  17. Ainley, D. G., and W. T. Everett. 2001. Black Storm Petrel (Oceanodroma melania). In The Birds of North America, No. 577 (A. Poole and F. Gill, eds.). The Birds of North America, Inc., Philadelphia, PA.
  18. Bretagnolle, V. (1990). «Effect of moon on activity of petrels (Class Aves) from the Selvagen Islands (Portugal)». Canadian Journal of Zoology 68: 1404–1409. 
  19. Ayala L & Sanchez-Scaglioni R (2007) A new breeding location for Wedge-rumped Storm Petrels (Oceanodroma tethys kelsalli) in Peru Journal of Field Ornithology 78(3): 303-307 doi:10.1111/j.1557-9263.2007.00106.x
  20. Harris, M. (1979) Survival and ages of first breeding of Galapagos seabirds Bird Banding 50(1): 56-61 [3] Arkivert 2009-03-04 ved Wayback Machine.
  21. Ramos, J.A., Monteiro, L.R., Sola, E., Moniz, Z., (1997). Characteristics and competition of nest cavities in burrowing Procellariiformes Condor 99: 634–641.[4] Arkivert 2009-03-04 ved Wayback Machine.
  22. West, J. & Nilsson, R. (1994) Habitat use and burrow densities of burrow-nesting seabirds on South East Island, Chatham Islands, New Zealand Notornis (Supplement) 41 27-37 [5]
  23. Mauwk, T., Waite, T. & Parker, P. (1995) Monogamy in Leach's Storm Petrel:DNA-fingerprinting evidence Auk 112(2): 473-482 [6] Arkivert 2012-03-06 ved Wayback Machine.
  24. Warham, J. (1976) The Incidence, Function and ecological significance of petrel stomach oils. Proceedings of the New Zealand Ecological Society 24 84-93 [7] Arkivert 2006-07-24 ved Wayback Machine.
  25. Obst, B & Nagy, K (1993) Stomach Oil and the Energy Budget of Wilson's Storm Petrel Nestlings Condor 95: 792-805 [8] Arkivert 2009-03-04 ved Wayback Machine.
  26. Schreiber, Elizabeth A. & Burger, Joanne.(2001.) Biology of Marine Birds, Boca Raton:CRC Press, ISBN 0-8493-9882-7
  27. Klimkiewicz, M. K. 2007. Longevity Records of North American Birds Arkivert 2011-05-19 ved Wayback Machine.. Version 2007.1. Patuxent Wildlife Research Center. Bird Banding Laboratory. Laurel MD.
  28. Søk 'Hydrobatidae' i IUCN Raudliste
  29. Sydeman, W.; Nurr, N.; McLaren, E.; McChesney, G. (1998). «Status and Trends of the Ashy Storm Petrel on Southeast Farallon Island, California, based upon capture-recapture analyses». Condor 100 (3): 438–447. JSTOR 1369709. doi:10.2307/1369709. 
  30. Foreløpige tal for nedgangen av guadalupestormsvale – Thayer, J.; Bangs, O (1908). «The Present State of the Ornis of Guadaloupe Island» (PDF). Condor 10 (3): 101–106. JSTOR 1360977. doi:10.2307/1360977. Arkivert frå originalen (PDF) 5. februar 2012. Henta 18. mai 2012.