Stortingsvalet 1945

Stortingsvalet 1945 var det fyrste stortingsvalet i Noreg etter andre verdskrigen, den 8. oktober 1945. Valet var ein stor siger for Arbeidarpartiet, som fekk seks nye mandat og fleirtal åleine i Stortinget, endå dei gjekk tilbake i røystetal. Einar Gerhardsen si andre regjering vart danna etter valet. Ein annan stor vinnar var Norges Kommunistiske Parti, som gjorde sitt klart beste val nokonsinne og gjekk fram frå å vera eit miniparti før krigen til å få 11 stortingsmandat. Kristeleg Folkeparti stilte for første gong til val som eit landsdekkande parti, og fekk òg eit godt resultat. Fleire parti som hadde stilt ved det siste valet, i 1936, kom ikkje tilbake denne gongen, først og fremst Samfundspartiet, Nasjonal Samling, Frisindede Folkeparti og Det Radikale Folkeparti.

Resultat endre

Parti Del av røystene (%) Endring i høve til 1936 Mandat Endring i høve til 1936
Arbeidarpartiet 41,0 - 1,5 76 + 6
Høgre 17,0 - 4,3 25 - 11
Venstre 13,8 - 2,2 20 - 3
Norges Kommunistiske Parti 11,9 + 11,6 11 + 11
Bondepartiet 8,0 - 3,5 10 - 8
Kristeleg Folkeparti 7,9 + 6,6 8 + 6
Sogn og Fjordane fiskar- og småbrukarparti 0,2 + 0,2 0 0
Nytt Norge 0,1 + 0,1 0 0
Total 100 0 150 0

Kjelder endre

  • Stortingsforhandlinger 1945-46 (Oslo, 1947)

Bakgrunnsstoff endre