Sunniva Amalie Næs Andersen (fødd 12. november 1996) er ein norsk handballspelar frå Skien. Ho har sidan 2017 spelt venstrekant i den norske toppklubben Våg/Vipers. Andersen vart europameister 2022 med Noregs landslag, medan ho i så vel 2021 som 2022 bidrog til at Våg gjekk til topps i EHF-meisterligaen.

Sunniva Andersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. november 1996 (27 år)
Skien kommune
Idrett handball

Andersen var frå 2012 Gjerpen-spelar. Sommaren 2017 veksla ho over til Våg/Vipers frå Kristiansand, eit lag som var i ferd med å ta over hegemoniet i norsk handball på kvinnesida. Over fleire sesongar utvikla ho seg etterkvart til å verte eit trygt val på kantplassen i laget. Ho var med om å vinne EHF-meisterligaen 2021, men hadde ei viktigare rolle då Våg/Vipers forsvarte meisterligatriumfen i 2022.

Andersen deltok i 3 landskampar for Noreg i sesongen 2021/22, skåra 4 mål.

Merittar landslag endre

Kjelder endre