Tarah er ein bibelsk figur som opptrer i 1. Mosebok. Han er son av Nahor og stammar opphavleg frå Sem, ein av sønene til Noah. Han er far til Abram (Abraham), Nahor og Haran. Gjennom Haran er han farfar til Lot.[1]

Tarah

DødHaran
Opptrer i1. Mosebok 11, Josva 24, 1. Krønikebok 1
Identifisert medTarah i islam
Andre namnhebraisk תֶּרַח, Tǽraḥ, i pausa תָּרַח, Tā́raḥ; gresk Θάρα, Thára
FarNahor
EktefelleAmasla
BarnAbraham, Haran, Nahor, Sara

Tarah budde i Ur i Kaldea, som er blitt identifisert med Ur i Mesopotamia. Haran døydde og etterlét seg sonen Lot. Tarah drog med dei andre to sønene sine, Lot og familiane deira ut frå Ur. Målet deira var Kanaan, men dei slo seg ned i Harran. Her døydde Tarah i ein alder av 205 år.[2]

Tarah er seinare nemnd i Josvas bok, i ordelag som tyder på at han tilbad «framande gudar».[3] Han er også nemnd i stamtavler i Første Krønikebok[4] og i Det nye testamentet.[5]

Kjelder endre