Terje Granerud

norsk politikar

Terje Granerud (fødd 29. oktober 1951) er ein norsk journalist og politikar frå Nannestad i Akershus. Han representerte Akershus fylke og ArbeidarpartietStortinget frå 1981 til 1989, tidlegare møtte han eit halvår i 1980 som vararepresentant frå same fylket.

Terje Granerud
Fødd29. oktober 1951 (72 år)
Nannestad kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør
Alle verv

Etter examen artium i 1970, var Granerud kontorassistent i Arbeiderbladet i tre år. Frå 1973 var han journalist i Akershus Arbeiderblad/Romerikes Blad til 1981. Inn i mellom var han 1978-79 redaktør i fagbladet Kartellnytt, medan han frå april til oktober 1980 møtte på Stortinget som vararepresentant for Helen Bøsterud, medlem i Sosialkomiteen. Hausten 1981 fekk Granerud fast tingplass frå Akershus etter stortingsvalet, attvald i 1985. Alle sesjonane til 1989 var han medlem i Sosialkomiteen.

Allereie 20 år gammal fekk Granerud leiande verv i Nannestad kommune. Såleis var han nestformann 1971-73 og formann 1973-75 i skulestyret. I 1976-77 var han med i formannskapet. Våren 1981 vart han vald inn landsstyret til Arbeidarpartiet, eit verv han hadde i berre to år.

Etter han forlet Stortinget i 1989, var Granerud sjefredaktør i Romerikes Blad i 13 år. Sidan var han marknadssjef i Eidsvoll Ullensaker Blad 2002-03, til dess han vart vald til ordførar i Rælingen kommune hausten 2003, for ein fireårsperiode. Deretter gjekk han tilbake til pressa, og var administrerande direktør/sjefredaktør i Eidsvoll Ullensaker Blad frå 2007 til 2012.

Granerud var elles nestleiar 1991-93 i Landsforeningen for trafikkskadde og 1993-95 medlem i Styret for Postverket.

Kjelder endre