The Creation of the Universe

The Creation of the Universe
Konsertalbum av Lou Reed
Utgjeve 22. desember 2008
Innspelt 2008
Sjanger Eksperimentell, industriell, ambient, støy
Selskap Best Seat in the House Productions
Lou Reed-kronologi 
Berlin: Live at St. Ann's Warehouse
(2008)
The Creation of the Universe Lulu
(2011)


The Creation of the Univers er det første albumet til Lou Reed-bandet Metal Machine Trio. Metal Machine Trio er eit band Lou Reed starta i 2008 i lag med Ulrich Krieger og Sarth Calhoun for å spele musikk inspirert av Reed-albumet Metal Machine Music frå 1975. Dei første konsertane til gruppa vart haldne 2. og 3. oktober 2008 ved REDCAT i Los Angeles. Gruppa fekk namnet Metal Machine Trio først etter desse konsertane. På sjølve konserten varet bandet annonsert som Lou Reed and Ulrich Krieger: Unclassified.[1] Plata er eit uklipt konsertopptak av begge kveldane, og er tilgjengeleg frå nettsida til Reed i mange format, inkludert digital nedlasting.

Musikken er fritt improvisert og utan vokal eller songstruktur. Det varierer frå mørke ambiente passasjar til støy, frirock og elektronika.

Innhald endre

  1. «Night 1» – 54:57
  2. «Night 2» – 55:49

Medverkande endre

  • Lou Reed - gitarar, elektronikk
  • Ulrich Krieger - tenorsaksofon, elektronikk
  • Sarth Calhoun - Kontinuum-fingerbrett, live prosessering

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2011, henta 12. oktober 2011 

Bakgrunnsstoff endre