The Freesound Project

The Freesound Project er ei nettside med creative commons-lisensierte lydfiler, meint hovudsakleg til bruk i musikk-komposisjon. Lydfilene blir opplasta til sida av brukarane, og kan vere alt frå reine utandørsopptak eller syntetiserte lydeffektar. Alle bidrag er lasta opp med ein Creative Commons Sampling Plus-lisens, og kan bli tagga med metadata, slik at andre brukarar lett kan finne fram filer etter f.eks. stil eller geografi. Bidrag er ikkje heilt frie, slik som på Wikipedia, men må bl.a. krediterast opplastar ved bruk.

Prosjektet blei offisielt starta 5. april 2005, av musikkteknologi-gruppa ved Pompeu Fabra-universitetet i Barcelona.

Den første kjende lovlege bruken av lydfiler frå The Freesound Project i spelefilm er Children of Men frå 2006, som nytta eit fire sekundar langt opptak av ein person som skrik.

Per 21. mai 2008 hadde prosjektet 50 000 lyder i databasen.

Bakgrunnsstoff endre