The Tannahill Weavers

The Tannahill Weavers er ei skotsk musikkgruppe som speler skotsk folkemusikk. Gruppa blei skipa i 1968,[1] og gav ut sitt fyrste album i 1976. Ho merka seg ut som eit av dei fyrste kjende banda til å nytta skotsk sekkepipe i eit ensemble.[1] Gruppa blei teken inn i Scottish Traditional Music Hall of Fame i 2011.[2]

The Tannahill Weavers

Aktiv1968–
PlateselskapGreen Linnet Records

Gruppa oppstod frå ein folk-session i Paisley i Skottland. Ho er kalla opp etter den lokale diktaren Robert Tannahill og vevarane som var viktige for byen.[3] Gruppa var også påverka av den amerikanske folk-gruppa The Weavers.[1] Medlemmane på den fyrste konserten deira var Roy Gullane, John Cassidy og Stuart McKay.[1] Gruppa har hatt fleire ulike medlemmar sidan, men Gullane har vore med sidan byrjinga.[1] Dougie MacLean spelte fele med gruppa i to år.[1] Gruppa har turnert mykje i heimlandet, elles i Europa og USA.[1]

Diskografi endre

Album endre

  • Are Ye Sleeping Maggie (1976)
  • The Old Woman's Dance (1978)
  • The Tannahill Weavers (1979)
  • Tannahill Weavers IV (1981)
  • Passage (1984)
  • Land of Light (1986)
  • Dancing Feet (1987)
  • Best of the Tannahill Weavers 1979 - 1989 (1989)
  • Cullen Bay (1990)
  • The Mermaid's Song (1992)
  • Capernaum (1994)
  • Leaving St. Kilda (1996)
  • The Tannahill Weavers Collection: Choice Cuts 1987-1996 (1997)
  • Epona (1998)
  • Alchemy (2000)
  • Arnish Light (2003)
  • Live and In Session (2006)
  • Òrach (2018)


Tidsline over medlemmar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Gilchrist, Jim (8. august 2015). «The Tannahill Weavers ready for trip down memory lane». The Scotsman. Arkivert frå originalen 17. desember 2019. Henta 17. desember 2019. 
  2. MacDonald, Hamish (24. juli 2018). «How Paisley poet Robert Tannahill made his mark on history». The National. Henta 17. desember 2019. 
  3. «The Tannahill Weavers», tannahillweavers.com, henta 13. april 2024 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: The Tannahill Weavers