Thor Knudsen

norsk politikar

Thor Haakon Knudsen (30. mai 192710. januar 2006) var ein norsk pressemann frå Tønsberg og stortingsrepresentant for Høgre i tida 1977-89.

Thor Knudsen
Fødd30. mai 1927
Tønsberg
Død10. januar 2006 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, journalist, redaktør
Alle verv

Knudsen var son til ein kommunearbeidar. Sjølv tok han examen artium i 1947 og arbeidde som journalist i Tønsberg Blad frå 1947 til 1956, bortsett frå den tida då han gjorde militærteneste i Tysklandsbrigaden 1948-49. I 1956 fekk han jobb i Høgres Pressebyrå, der han var stortingsmedarbeidar 1956-58, redaksjonssekretær 1958-68 og politisk redaktør 1968-70. Frå 1971 var han redaktør i Sandefjords Blad til han vart vald inn på Stortinget i 1977. Perioden 1971-80 var han styremedlem i Norsk Telegrambyrå.

Knudsen sokna til den konservative fløya i Høgre, med eit særleg sterkt engasjement i forsvars- og tryggingspolitikken. Han var 1970-71 statssekretær i Forsvarsdepartementet og representerte frå 1977 til 1989 Vestfold fylkeStortinget. Alle tolv stortingsåra var han medlem i Forsvarskomitéen, som nestformann frå 1981 og Høgre sin forsvarspolitiske talsmann til 1989. Tida 1981-89 var han også president i Lagtinget, og sentralstyremedlem i Høgre. Som stortingsrepresentant var han delegat til KSSE-konferansene i 1977, 1981 og 1985.

Knudsen var styremedlem i interessegruppa Folk og Forsvar frå 1971 til 1991, dei siste elleve åra som formann. Perioden 1977-89 var han styremedlem i Den norske Atlanterhavskomité, og 1989-95 president i Norges Forsvarsforening.

Kjelder endre