Thorill Gylder (fødd 5. mai 1958) er ein norsk tidlegare kappgjengar. Ho representerte Vansjø/Svinndal IL.

Thorill Gylder
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1958 (65 år)
Yrke kappgjengar

Karriere endre

På 1970-talet utvikla Thorill Gylder seg til å bli ein framifrå kappgjengar. Frå 1975 og til 1981 vann Gylder heile 13 indivuelle NM-gull i kappgang. I tillegg deltok ho i to uoffisielle kappgang-VM på veg. I det fyrste i 1978 tok ho sølv, og året etter vann ho bronse.[1]

I 1978 deltok ho i 5000 meter kappgang på Bislett stadion, og sette her ny verdsrekord. Ifylgje engelsk wikipedia har Gylder også to tidlegare verdsrekordar på 10 000 meter kappgang; 48,40 (1978) og 47,24 (1979).[2] Thorill Gylder har fire kongepokalar. I 1990 vart ho ein av ni utøvarar som vart tildelt Bislett-medaljen for historiske bragder på Bislett stadion.

Kjelder endre

«Thorill_Gylder» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 13. september 2012.

Fotnotar endre