TikTok er eit kinesisk sosialt nettverk der brukarane kan dela korte videoar, i all hovudsak gjennom ein mobilapp. Videoane inneheld ofte framføringar med song-miming, humor, dans eller matlaging. Nettstaden er blitt forboden i fleire land eller har fått kritikk for brot på personvernlovgjeving, overvaking av brukarane og trugsmål mot nasjonal tryggleik.

TikTok

UtviklarBeijing Microbroadcast Vision Technology
Utgjeveseptember 2016
OS-familieDouyin
Typevideodelingstjeneste, sosiale medium
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttps://tiktok.com

Nettverket har det Beijing-baserte selskapet ByteDance som eigar. Dette blei skipa i 2012 av Zhang Yiming.[1][2] I 2017 blei TikTok-appen gjeven ut for marknaden utanfor Kina. TikTok er ikkje tilgjengeleg i Kina, men i 2016 lanserte ByteDance applen Douyin for den kinesiske marknaden.[3][4] TikTok og Douyin er identiske, men Douyin har andre retningslinjer.[5] TikTok er populært i Asia, USA og store delar av verda, og appen var tilgjengeleg på 39 språk i 2020.[6] I september 2018 var TikTok den mest nedlasta appen i USA den månaden – den fyrste kinesiske appen som oppnådde dette.[7]

Per 2021 var det registrert éin milliard brukarar.[8] Totale nedlastingar var omtrent tre milliardar i juni 2021.[9]

Historie endre

Forløparen til TikTok var heiter Musical.ly.[10] Musical.ly blei skapt av Alex Zhu og Luyu Yang, og blei kjøpt opp for éin milliard dollar i november 2017 av ByteDance, som allereie hadde lansert TikTok.[11] I august 2018 blei alle Musical.ly-kontoane overført til TikTok, og Musical.ly blei seinare lagt ned.[12]

Funksjonar endre

Brukarar på TikTok kan laga korte videoer av seg sjølv eller andre. Dei kan opptre på ulike måtar, til dømes ved å mime til musikk, dansa, synga eller anna. Ein kan legge til effektar, musikk og eigen lyd. Det går an å lage duettar, ved at fleire brukarar filmar eigne videoar og legg dei ut saman. Videoar lagt ut på TikTok kan også delast på andre sosiale medium. Det går også an å gje ut videoane privat, berre for vennar og utvalde følgjarar.[13] Fleire av videoane har gått viralt og skapt ulike TikTok-trender.[14] TikTok har også blitt brukt til filmkritikk, ofte ved hjelp av memar og lipsyncing.[15]

Kjelder endre

  1. Ting, Deanna (30. oktober 2019). «Everything you need to know about ByteDance, the company behind TikTok». Digiday (på engelsk). Henta 20. januar 2020. 
  2. «Zhang Yiming». Forbes (på engelsk). Henta 20. januar 2020. 
  3. Ting, Deanna (30. oktober 2019). «Everything you need to know about ByteDance, the company behind TikTok». Digiday (på engelsk). Henta 20. januar 2020. 
  4. «Douyin, TikTok app in China, hits 400 million daily active users». TechCrunch (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. mars 2021. Henta 20. januar 2020. 
  5. Verberg, Gabi. «Are Douyin and TikTok the Same?». www.whatsonweibo.com (på engelsk). Henta 20. januar 2020. 
  6. «Support Center | TikTok». support.tiktok.com. Henta 20. januar 2020. 
  7. Bastone, Nick. «A viral video app you've probably never heard of had more downloads in September than Facebook, YouTube, or Snapchat». Business Insider. Henta 20. januar 2020. 
  8. «TikTok Revenue and Usage Statistics (2021)». Business of Apps (på engelsk). 10. januar 2019. Henta 14. november 2021. 
  9. «TikTok Revenue and Usage Statistics (2021)». Business of Apps (på engelsk). 10. januar 2019. Henta 15. november 2021. 
  10. «The popular Musical.ly app has been rebranded as TikTok». The Verge (på engelsk). 2. august 2018. 
  11. «China's Bytedance scrubs Musical.ly brand in favor of TikTok». Reuters (på engelsk). 2. august 2018. 
  12. «TikTok, explained». Vox (på engelsk). 10. desember 2018. 
  13. «A Beginner's Guide to TikTok». wired.com. 2019-0306. ISSN 1059-1028. 
  14. «The 10 Most Popular TikTok Trends to Follow in 2019». Mediakix (på engelsk). 21. juni 2019. Arkivert frå originalen 11. mars 2020. 
  15. «Criticism in the age of TikTok – a video essay». Sight & Sound. 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: TikTok