Tor Erling Staff
Tor Erling Staff (22. februar 1933–22. juli 2018)[1] var ein norsk jurist og sakprosaforfattar frå Oslo. Han var også kjend som ein kontroversiell samfunnsdebatant.[2]
Tor Erling Staff | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. februar 1933 Oslo |
Død | |
Yrke | forsvarer, programleiar |
Tor Erling Staff på Commons |
Bakgrunn endre
Staff blei cand.jur. i 1958 og tok også utdanning i USA. Han var formann i Det Norske Studentersamfund i 1956, og var redaktør for jubileumsboka som kom ut i samband med 150-års-jubileet til samfunnet i 1963. Han var direktør for Den norske Forleggerforening i perioden 1966 til 1970.
Virke endre
Frå 1967 var Staff høgsterettsadvokat. Han var også fast forsvarar ved Oslo tingrett frå 1967 til 2003.[2]
Staff verka som forsvarar for klientar tiltalt for ei rekkje ulike brotsverk - «nynazister, pedofile, drapsmenn, voldsmenn og pornografer».[2] Han omtalte seg sjølv fleire gonger som djevelens advokat. I samfunnsdebatten forsvarte han også kontroversielle synspunkt som legalisering av narkotika, avskaffing av seksuell lågalder, innføring av offentlege bordell og aktiv dødshjelp.[2]
Frå 1994 til 1995 var han programleiar i debattprogrammet Lønning og Staff på TV 2 saman med Per Ståle Lønning.[2]
Hausten 2005 blei Staff omtalt i media i samband med ei sak om korrupsjon som impliserte klienten hans, John Sandstrøm, direkte og Staff sjølv indirekte.[3]
Familie endre
Staff var gift med Hilde Børresen frå 1958 til 1971, og hadde to søner. Den eine, Trygve Staff, vart tilsett ved same advokatkontor som faren og blei etterkvart partnar.[4] I juni 2005 inngjekk Staff eit registrert partnerskap med ein mann.[5]
Bøker endre
- Håvard Rem og Tor Erling Staff: Staff, Oslo, Schibsted 2005, ISBN 82-516-2080-5
- Arne Haugestad: Folkefiende? 70 år med Tor Erling Staff / 29 innlegg redigert av Arne Haugestad, Oslo, Kagge Forlag 2002, ISBN 82-489-0257-9
- John Arne Markussen: Staff – fra innsiden, Oslo, Grøndahl 1985, ISBN 82-504-0784-9
- Tor Erling Staff (hovudredaktør): Jus i hverdagen bind 1–2, Arnkrone, Nordiske Bokverk 1980
- Tor Erling Staff: Begjæring om gjenopptakelse av saken mot Fredrik Fasting Torgersen, Oslo, Pax 1973, ISBN 82-530-0538-5
- Tor Erling Staff (redaktør): Den frie talerstol – 1813–1963, det norske studentersamfund 150 år, Oslo, Det norske studentersamfund 1963
Bøker endre
- Håvard Rem og Tor Erling Staff: Staff, Oslo, Schibsted 2005, ISBN 82-516-2080-5
- Arne Haugestad: Folkefiende? 70 år med Tor Erling Staff / 29 innlegg redigert av Arne Haugestad, Oslo, Kagge Forlag 2002, ISBN 82-489-0257-9
- John Arne Markussen: Staff – fra innsiden, Oslo, Grøndahl 1985, ISBN 82-504-0784-9
- Tor Erling Staff (hovedredaktør): Jus i hverdagen bind 1–2, Arnkrone, Nordiske Bokverk 1980
- Tor Erling Staff: Begjæring om gjenopptakelse av saken mot Fredrik Fasting Torgersen, Oslo, Pax 1973, ISBN 82-530-0538-5
- Tor Erling Staff (redaktør): Den frie talerstol – 1813–1963, det norske studentersamfund 150 år, Oslo, Det norske studentersamfund 1963
Kjelder endre
- ↑ Ording, Oda. «Tor Erling Staff er død». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. juli 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 https://www.dagsavisen.no/innenriks/advokat-tor-erling-staff-er-dod-1.1176308. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ Dagens Næringsliv: Selger falske legeerklæringer til kriminelle, publisert 29. oktober 2005
- ↑ http://www.advokat-staff.no/The-Staff/Trygve-Staff . Vitja 2018-07-22
- ↑ Sørheim, Ingjald Ørbeck (13. februar 2009). Tor Erling Staff.