Torkell Tande

norsk prest og politikar

Torkell Arnold Tande (11. september 19018. februar 2001) var ein norsk prest og politikar fødd i Nissedal. Han var sokneprest i Sannidal frå 1930 til 1970, dei siste sju åra også prost i Bamble prosti. Frå 1954 til -65 representerte han VenstreStortinget. Dagny Tande Lid var systera hans.

Torkell Tande
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1901
Død

8. februar 2001 (99 år)

Yrke politikar, prest
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Prestesonen Tande vart sjølv prest. Han var elles ordførar i Sannidal frå 1937 til han i 1941 vart avsett av nazi-styret. I 1945 vart han på ny ordførar. Ved stortingsvalet 1945 vart han fyrste varamann for Venstre i Telemark, noko han var heilt fram til 1954. Då Neri Valen døydde i januar 1954, heilt i byrjinga av ein fireårsbolk, rykte Tande opp til fast stortingsplass. Gjennom to attval hadde han rom mellom stortingsrepresentantane til 1965. I 1960 var han elles medlem av Europarådet, fire år tidlegare tok han vervet som formann i En Verden-rørsla si stortingsgruppe.

Tande var formann i Sannidal historielag frå 1945 og i lang tid framover. I den eigenskap var han medredaktør til bygdebøkene for Sannidal og Skåtøy.

Kjelder endre