Torunn
kvinnenamn
(Omdirigert frå Torun)
Torunn er ei eit kvinnenamn med opphav i det norrøne namnet Þórunnr, samansett av gudenamnet Tor og verbet unna som tyder 'elske'.
Namnet var nesten ikkje bruke i Noreg på 1800-talet, derimot var mange målføreformer, som Taran (Buskerud, Telemark), Tøran (Oppland) og Tåren (Rogaland) utbreidde.
På 1900-talet vart forma Torunn meir populær, med ein topp på 1950-talet.
I Noreg har Torunn namnedag 23. februar.
Bruken av namnet i Noreg endre
I folketeljinga i 1801 var det ingen som hadde namn som byrja på Torun.
I teljinga frå 1900 var det 13 kvinner som vart manntalsførte med namna Torunn, Torund eller Torun
I 2008 er det nær 4 600 kvinner som har Torunn til første fornamn.
Kjende namneberarar endre
- Torunn Ystaas, norsk forfattar
- Torunn Borge , norsk forfattar
- Torunn Herje , norsk arkeolo
- Torun Eriksen , norsk jazzmusikar
- Torun Lian , norsk forfattar og filmregisør
Sjå òg endre
- Søk etter norsk namnestatistikk for Torunn hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Andre kjelder endre
- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4