Trygve Gjedrem

norsk avlsforskar

Trygve Gjedrem (23. desember 192821. juli 2021)[1] var ein norsk avlsforskar som var ein sterk drivkraft i utviklinga av den norske oppdrettsnæringa.

Trygve Gjedrem

Fødd 23. desember 1928
Bjerkreim i Rogaland
Død

21. juli 2021 (92 år)

Utdanning Norges Landbrukshøgskule og University of Wisconsin, USA
Yrke Avlsforskar
Arbeidsgjevar Akvaforsk. Nofima
Prisar St. Olavs Orden, riddar av 1. klasse i 2000, og æresmedlem i European Aquaculture Society i 2014

Bakgrunn endre

Gjedrem blei fødd i Bjerkreim i Rogaland. Han budde i Ås i Akershus.

I 1956 fekk Gjedrem cand. agric.-grad frå Norges Landbrukshøgskule (NLH, i dag Norges miljø- og biovitenskapelege universitet, NMBU), i 1963 mastergrad frå University of Wisconsin i USA, og i 1970 dr. agric. grad frå NLH.

Karriere endre

Gjedrem starta yrkeskarrieren med avlsforsking på småfe og laga nasjonale avlsprogram for sau i Norge på 1960-talet.

Han var direktør for Akvaforsk (i dag ein del av Nofima) frå 1971 til 1989, og var då ei sterk drivkraft i utviklinga av den norske oppdrettsnæringa.[2] Skipinga av nasjonale avlsprogram for laks og regnbogeaure, som dei første for oppdrettsfisk i verda, var til dømes ein milepåle.[2]

Gjennom sitt sterke internasjonale engasjement for tilsvarande arbeid med økonomiske viktige oppdrettsartar som tilapia (nilmunnrugar), karpe og marine reker bidrog Gjedrem også til utviklinga av ein meir effektiv og berekraftig akvakulturproduksjon globalt.[2]

Spesielt vart GIFT-prosjektet (finansiert av UNDP og ADB) som han fekk etablert på Filippinane svært viktig for utviklinga av avlsprogram for ei rekke akvakulturarter.[3] I 1998 fekk dette arbeid anerkjenning frå CIGIAR (the Consultative Group for International Agricultural Research). Han fekk også etablert eit internasjonalt nettverk for genetikk/avlsprogram i akvakultur, International Network of Genetics in Aquaculture (INGA) med 13 medlemsland.

Han var også ein pådrivar for å opprette ein genetikkseksjon i det internasjonale tidsskriftet Aquaculture og for etableringa av ISGA (the International Association of Genetics in Aquaculture) med sitt første symposium i Galway i Irland i 1982.

Han sette også i gang banebrytande arbeid med seleksjon for auka motstandskraft hos atlantisk laks mot ulike patogen og parasittar (bakteriar, virus, lakselus) basert på data frå kontrollerte smitteforsøk, og havbeiteforsøk med vill atlantisk laks på Island.

Gjedrem har ei lang publikasjonsliste og er av dei mest kjende forskarane på sitt fagområde. Han var hovudansvarleg og pådrivar for å få i gang det første kurset i akvakultur i Norge ved NLH i 1973, og er også redaktør for fleire fagbøker som framleis vert brukt i undervisning over heile verda. Gjedrem fekk fleire utmerkingar frå både inn- og utland for sin store innsats; bl.a. St. Olavs Orden, riddar av 1. klasse i 2000, og æresmedlem i European Aquaculture Society i 2014.

Bøker endre

  • Fiskeoppdrett med framtid. A/S Landbruksforlaget, Oslo 1986. pp. 328. ISBN 82-529-1105-6.
  • Fiskeoppdrett – Vekstnæring for distrikts-Norge. A/S Landbruksforlaget, Oslo 1993. pp. 383. ISBN 82-529-1398-9.
  • Selection and Breeding Programs in Aquaculture. Springer Dordrecht, Berlin 2004. pp. 364. ISBN-10 1-4020-3341-9.
  • Selective Breeding in Aquaculture: An Introduction. Springer Dordrecht Heidelberg London NewYork 2009. pp. 221. ISBN 978-90-481-2773-3. DOI 10.1007/978-90-481-2773-3.
  • AKVAFORSK i nasjonal og internasjonal akvakultur. AKVAFORSK. ISBN 978-82-997723-0-3.
  • Akvakulturhistorien – fortellingen om en suksess. Landbruksforskningens nøkkelrolle i utviklingen av akvakulturnæringen. Vitenparken Campus Ås. pp. 61.

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

  1. Dødsannonser - vareminnesider.no
  2. 2,0 2,1 2,2 «En av de store pionérene innenfor nasjonal og internasjonal akvakulturgenetikk», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 6. august 2021, henta 1. november 2023 
  3. «Professor Trygve Gjedrem legger opp», forskning.no (på norsk bokmål), 16. desember 2016, henta 1. november 2023