Tuzla

landsby i Bosnia-Hercegovina
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tuzla (fleirtyding).

Tuzla (kyrillisk: Тузла) er ein by og kommune i Bosnia-Hercegovina. Ved ei folketeljing i 1991 hadde byen 131 000 innbyggjarar, men er no estimert til å ha om lag 160 000. Etter Sarajevo og Banja Luka er Tuzla den tredje største byen i Bosnia-Hercegovina.

Tuzla
Styresmakter
Land Bosnia-Hercegovina
Geografi
Flatevidd 302,35 km²
Flatevidd
 - By

302,35 km²
Innbyggjarar
 - By (estimert)

165 000
Koordinatar 44°37′N 18°40′E / 44.617°N 18.667°E / 44.617; 18.667
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +387 35
Heimeside: www.tuzla.ba
Plassering
Tuzla i Bosnia-Hercegovina
Tuzla i Bosnia-Hercegovina
Tuzla i Bosnia-Hercegovina

Byen ligg norduast i landet og er kjend for sin omfattande framstilling av salt frå underjordiske gruver i under byen. Denne utnyttinga har ført til at byen bokstaveleg talt har søkke fleire meter i løpet av tiåra, og dette har igjen ført med seg, og fører framleis med seg, store materielle skadar. I det nyoppretta museumet Solni Trg er det utstilt fleire hundre år gamle reiskap som vart brukt i saltframstillinga, og andre ting som vitnar om at Tuzla vert rekna for å vere den byen med eldste kontinuerlege busetnad i Europa.

Eit av byen sine største kjennemerke er ein saltsjø i sentrum av byen. Dette er den einaste salte sjøen i Europa. Den 2. oktober 1943 vart Tuzla den største frigjorte byen i Europa til då. Under kommunismen i tidlegare Jugoslavia utvikla Tuzla seg til eit stort industrielt og kulturelt senter. Tuzla er òg kjend for å ha vore den mest multikulturelle og tolerante byen under krigen frå 1991 til 1994, og greidde å halde sitt etningske mangfald og samhald då alle andre byar langt på veg hadde tapt den kampen.

Folk frå Tuzla endre

Referansar endre

  1. Bruno Jovanovic. Cappelendamm.no. Vitja 24. august 2020