Tyranny of Beauty

studioalbum av Tangerine Dream
Tyranny of Beauty
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 1995
Innspelt Juli til september 1994
Sjanger Elektronisk musikk[1]
Lengd 57:27
Selskap Virgin
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Catch Me If You Can
(1994)
Tyranny of Beauty The Dream Mixes
(1995)


Tyranny of Beauty er det 51. albumet og det 23. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream.[2] Gitaristen Zlatko Perica er ikkje med på dette eller det neste albumet, Goblins' Club (1996), trass i at han var fulltidsmedlem i bandet. I staden speler gjestemusikarane Gerald Gradwohl og Mark Hornby på begge desse platene og under konsertane gruppa hadde i London i november 1996.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]

Bakgrunn endre

Stilmessig er Tyranny Of Beauty i same bane som føregangarane. Sporet «Stratosfear 1995» er ei nyinnspeling av komposisjonen frå 1976, og var basert på ein idé av Jerome Froese: «Eg laga «Stratosfear» for moro skuld, kanskje for å ta han med på samlealbumet Tangents, og så sende eg han til Virgin og dei sa at han var tung til å gå innimellom dei andre spora på Tangents. Så me tenkte, ok, kanskje me kan ta han med på den neste plata...».[2]

«Largo» er ei innspeling av stykket til Georg Friedrich Händel. Edgar Froese sa: «Det er ein referanse til ei tid då folk hadde ein heilt annan tilnærmingsmåte til musikk. Om du lyttar til eit originalt Händel-stykke så vil du sjå at det er alle mogelege forskjellige kontrapunktiske melodilinjer der, forskjellie ting som skjer mot kvarandre heile tida. Det interessante var å finne ei ny melodilinje som kunne gå over alt det igjen og så andre som ikkje ville forstyrre. Og det som Linda gjorde på saksofonen fungerte godt.»[2]

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Catwalk»Jerome Froese7:19
2.«Birdwatcher's Dream»Edgar Froese6:52
3.«Little Blonde in the Park of Attractions»Jerome Froese6:57
4.«Living in a Fountain Pen»Edgar Froese6:59
5.«Stratosfear 1995» (nyinnspeling)Edgar Froese, Chris Franke, Peter Baumann5:08
6.«Bride in Cold Tears»Jerome Froese4:53
7.«Haze of Fame»Edgar Froese8:30
8.«Tyranny of Beauty»Edgar Froese6:35
9.«Largo» (frå 'Xerxes')George Frideric Handel4:12
10.«Quasar» (inkludert på nyutgjevinga)Jerome Froese3:43

Medverkande endre

Tangerine Dream
  • Edgar Froese — elektrisk og akustisk gitar, klaverinstrument, 12-strengsgitar, trommer, lydteknikar, komponist, produsent
  • Jerome Froese — elektrisk og akustisk gitar, klaverinstrument, trommer, perkusjon, lydteknikar, komponist
  • Linda Spa — alt- og sopransaksofon, engelsk horn, saksofonarrangement på «Largo»
Andre medverkande
Teknisk

Promo endre

Ein CD-5 kom ut med redigerte versjonar av fire spor og bonusspor «Quasar», som kom med på seinare utgåver av Tyranny of Beauty.[3]

Nr.TittelLengd
1.«Catwalk [Excerpt]»4:29
2.«Little Blonde in the Park of Attractions [Excerpt]»4:37
3.«Living in a Fountain Pen»5:07
4.«Birdwatcher's Dream»6:52
5.«Quasar»3:43

CD-ROM endre

Ein CD-ROM med same tittel vart publisert i Italia i 1995 som vedheng til magasinet New Age and New Sounds. Utanom multimedia-innhald inneheldt det to lydspor:[4]

Nr.TittelLengd
1.«Catwalk (Special Version)»15:14
2.«Quasar»3:43

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Brenholts, Jim. Tyranny of BeautyAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 Berling, Michael (10. april 2013). «Tyranny of Beauty». Voices in the Net. 
  3. «Tyranny Of Beauty CD-5». Voices in the Net. Henta 16. juli 2020. 
  4. Mal:Cite vitn