Uku Suviste

estisk songar

Uku Suviste (fødd 6. juni 1982) er ein estisk songar, låtskriver, pianist og musikkprodusent. Suviste skulle ha representert Estland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. I 2021 vann han songtevlinga Eesti Laul igjen og representerte Estland i Eurovision Song Contest 2021 med «The Lucky One».

Uku Suviste

Fødd6. juni 1982 (41 år)
FødestadVõru
OpphavEstland
Aktiv2008–
Sjangerpop, funk, soul
Instrumentpiano, vokal
Verka sommusikar, pianist, songar, musikkprodusent
FarRaivo Suviste

Bakgrunn endre

Suviste var fødd i Võru i Estland. Allereie som seksåring byrja han med musikkundervising, og song etterkvart i Tallinn guttekor og i eit skolekor. Seinare byrja han å studera ved Musikkskulen i Tallinn, og i 1997 med spesialisering i piano. Etter vidaregåande studerte Suviste ved den teknologiske høgskulen i Tallinn og utdanna seg til datasystemadministrator. Sidan studerte han òg popjazz-song ved Musikkskulen i Tallinn, og i 2006 starta han ved Berklee College of Music i Boston i USA. Der studerte han låtskriving og musikkproduksjon i halvanna år.[1]

Suviste har skrive ei rekkje låtar og delteke i fleire estiske musikktevlingar. I 2005 gav han ut sitt fyrste album, det eigenproduserte It's Christmas Time. Året etter var han del av den estiske musikkgruppa Lament. Seinare samarbeidde han med med den estiske Idol-vinnaren Birgit Õigemeel, og saman gav dei ut albumet Ilus aeg.

Han har òg delteke i fleire russiske tevlingar, blant anna i den sjuande sesongen av Golos, den russiske versjonen av The Voice, der han hadde Ani Lorak som mentor.[2] Han vart slått ut i semifinalane.[3]

Suviste har delteke i Eesti Laul – den estiske versjonen av Melodi Grand Prix – fleire gonger. I Eesti Laul 2017 deltok han med songen «Supernatural», men vart slått ut i semifinalen. Han deltok på ny i 2019 og kom på andreplass med «Pretty Little Liar». Året etter gjekk han til topps i Eesti Laul med låten «What Love Is».[4] Han skulle dimed representere Estland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av covid-19.[5]

I staden fekk Suviste tilbod om plass i ein av semifinalane til Eesti Laul 2021, noko han takka ja til.[6][7] Han deltok med songen «The Lucky One» og vann til slutt finalen laurdag 6. mars 2021.[8] Han fekk dimed representere Estland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam, men vart slått ut i den andre semifinalen.[9]

Privatliv endre

Suviste er son av Raivo Suviste, som har produsert ei rekkje tv-program for estisk fjernsyn, og Heli Suviste-Polikarpus, som har studert klassisk song ved Estlands musikk- og teaterakademi.[10][11] Onkelen og tanta, Väino og Sirje Puura, er òg kjende operasongarar i Estland.

Kjelder endre

  1. «Uku Suviste – biografi». www.ukusuviste.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2011. Henta 1. mars 2020. 
  2. ERR, ERR menu | (28. februar 2020). «Philipp Kirkorov on Uku Suviste: He would be a star in Russia» (på engelsk). Henta 1. mars 2020. 
  3. «Eesti Laul 2019: Uku Suviste knocked out in semi-final of The Voice Russia» (på engelsk). 2. januar 2019. Henta 1. mars 2020. 
  4. ERR (30. november 2019). «Uku Suviste "What Love Is"» (på estisk). Henta 1. mars 2020. 
  5. «Uku Suviste will sing for Estonia at Eurovision 2020» (på engelsk). 29. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  6. ERR, ERR | (18. mars 2020). «Uku Suviste gets 2021 Eurovision free pass after this year's show cancelled» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  7. «🇪🇪 Uku Suviste on Eesti Laul 2021: "I believe I will definitely participate"» (på engelsk). 18. mars 2020. Henta 20. mars 2020. 
  8. «Uku Suviste "The Lucky One" lyrics (Eesti Laul 2021)» (på engelsk). 5. mars 2021. Henta 6. mars 2021. 
  9. «Uku proves he's 'The Lucky One'» (på engelsk). 6. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  10. Polikarpus, Viido (29. mars 2012). «Facebooki maailm» [The world of Facebook] (på Estonian). võrumaa Teataja. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 14. mai 2015.  Arkivert 4. mars 2016 på Wayback Machine.
  11. «Uku Suviste makes Dean's List at Berklee». Henta 1. mars 2020.