Værtshuset Bærums Verk

Værtshuset Bærums Verk er ein trebygning i Bærum kommune i Akershus frå 1600-talet. Det vart oppført rundt 1640, ved det som den gongen heitte Bærums Jarn Werk.

Værtshuset Bærums Verk (mai 2018)
Værtshuset Bærums Verk (desember 2005)

Vertshuset er eit solid lafta tømmerhus. Det var ein samlingsstad for jernverksfolket og reisande bønder og handelsmenn gjennom fleire hundreår. Det ligg sentralt på Bærums Verk, rett ved elva Lomma og den bergenske kongevegen over Krokskogen, mellom Bærum og Ringerike. Vertshuset hadde òg ein funksjon for dei vanskeligstilte i lokalsamfunnet; avgifta frå brennevinsalet gjekk ikkje til kongen, men til verket si fattigkasse.

Etter 1890 blei lokala brukte som bustad for verkstadsfolkesetnaden.

Seinare vart bygningen freda av Riksantikvaren etter lov om bygningsvern, og i 1987 vart den totalrestaurert og gjenopna som serveringsstad.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre