Vatne er ein tettstad i Haram kommune i Møre og Romsdal. Vatne har tidlegare òg vore ein kommune. Tettstaden har 2 485 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved botn av Vatnefjorden og sørvestover til botn av Grytafjorden, der Eidsvik og Tennfjord òg vert rekna med til tettstaden av Statistisk sentralbyrå. Vatnetvatnet ligg ved tettstaden.

Vatne
tettstad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Haram
Areal 1,79 km²
Folketal 2 485  (2023)
Folketettleik 1 388 / km²
Postnummer 6265 VATNE
Kart
Vatne
62°33′29″N 6°37′09″E / 62.558056°N 6.619167°E / 62.558056; 6.619167
Wikimedia Commons: Vatne (Haram)

Her ligg Vatne kyrkje frå 1868.

Folketalsutvikling for tettstaden Vatne etter tusenårsskiftet
År Folketal[1]
2002
1 542
2007
1 586
2012
1 864
2017
2 243
2023
2 485

Vatne kommune endre

Vatne var del av Skodje formannskapsdistrikt. 1. januar 1902 vart Vatne etablert som eigen kommune med 1 547 innbyggjarar ved at Skodje kommune vart deld. 1. januar 1965 vart det meste av Vatne (utom Dryna og området på Miøya) med 2 260 innbyggjarar, delar av Sandøy kommune, det meste av Haram og delar av Borgund, slege saman til den nye Haram kommune. Dryna og Miøya i Vatne vart samstundes slege saman med Sør-Aukra kommune til den nye Midsund kommune. Dei to krinsane frå Vatne hadde ved samanslåinga 334 innbyggjarar.

Folketalsutvikling for tidlegare Vatne kommune frå 1902 til 1964
År Folketal[2][3][4][5][6]
1902
1 547
1910
1 586
1920
1 730
1930
1 759
1946
2 048
1951
2 183
1961
2 449
1964
2 594

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Tabell 14216: Areal og befolkning i tettsteder (K) (T) 2000 - 2023». Statistisk sentralbyrå. Henta 1. mai 2024. 
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. Folkemengd i Vatne 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå