Ei vatningsveit er eit gamalt transportsystem for å leia vatn til dyrka mark, beståande av ei hovudvassåre og kanalar som kunne opnast og stengast for å leia vatn dit ein ynskte. Før vatningsanlegg med trykkvatn overtok, var nedbørsfattige område, som Indre Sogn, avhengig av vatningsveiter til kunstig vatning.[1] Dei eldste veitene har røter heilt tilbake til 1200-talet.

Sjå òg endre

Fotnotar endre