Vigrestad Idrettsklubb

Idrettslag i Rogaland

Vigrestad Idrettsklubb er eit idrettslag heimehøyrande på Vigrestad i Hå kommune i Rogaland. Laget vart stifta 1. mars 1921 og har vore aktivt med i fotball, handball, turn og vektløfting.

Fotballaget til Vigrestad IK spelte i 3. divisjon frå 1970 til -77, då det lukkast rykke opp i 2. divisjon. Sesongane 1978 og 1979 deltok Vigrestad i A-avdelinga og enda på sjuandeplass av dei ti laga i 1978, året etter kom laget på niandeplass og rykte ned att til 3. divisjon.

Kjelder endre