Vincent Price av Deep Purple

Vincent Price
Singel av Deep Purple
frå albumet Now What?!
B-side

First Sign of Madness

Utgjeve 7. juni 2013
Sjanger Hardrock, progressive metal[1]
Lengd 4:46
Selskap Edel AG
Låtskrivar(ar) Don Airey, Ian Gillan, Roger Glover, Steve Morse, Ian Paice, Bob Ezrin
Produsent Bob Ezrin
Deep Purple-kronologi 
«Hell to Pay»
(2013)
Vincent Price «Above and Beyond»
(2013)


«Vincent Price» er ein song av det enelske rockebandet Deep Purple. Songen er med på det 19. studioalbumet deira, Now What?!, og er både den andre singelen frå albumet og det siste sporet på det. Bandet stadfesta utgivinga av singelen den 6. mai 2013, via den offisielle nettsida og Facebook-kontoen sin.[2]

Låten har ein hardrock- og progressive metal-inspirert stil som minner om tidlegare skrekkfilmar, og kom ut dagen etter. Gruppa gjorde den tilgjengeleg som digital nedlasting, som ei utvida CD-utgiving og som ein sju-tommars gjennomsiktig vinylplate. Bandet laga ein musikkvideo til songen, deira første offisielle video på sytten år, og han vart kjapt distribuert gjennom ulike musikkrelaterte publikasjonar, mellom anna Blabbermouth.net.[3] Alle dei dåverande bandmedlemmene (Don Airey, Ian Gillan, Roger Glover, Steve Morse og Ian Paice) var med på å komponera låten saman med plateprodusent Bob Ezrin.[1]

Bakgrunn og innhald endre

Songen er ei hyllest til det avdøde klassiske skrekkfilmikonet Vincent Price, og han inneheld både lydlege og lyriske referansar til ei rekkje troper knytt til skrekkfilm. Døme på dette er dramatiske lydar av tore og mystiske klagelydar, og dessutan lyriske referansar til menneskeofring og vampyrisme. [1][4] Alle dei dåverande Deep Purple-medlemmene (Don Airey, Ian Gillan, Roger Glover, Steve Morse og Ian Paice) fungerte som låtskrivarar på låten saman med plateprodusent Bob Ezrin.[1] Låten kjem frå dei typiske jammane til gruppa, og stilen minner om instrumental filmmusikk, samtidig som han har eit hardrock- og progressive metal-basert lydbilete.

Når det gjeld korleis sporet kom til har Deep Purple-frontmann Ian Gillan uttalt følgjande

« «Alt kjem frå jamsesjonene me har kvar dag, og dette er typisk Purple. Når ein idé oppstår, legg du han til side og byrjar å tenkja: 'Vi må sjå på arrangementet og tonearten'. Du kan ikkje berre identifisera dei som nummer éin og nummer to og nummer tre, så me gir dei arbeidstitlar, og denne høyrdest for alle ut som soundtracket til ein skrekkfilm, så me kalla han Vincent Price.»[4] »

Price hadde jobba med både Gillan og Glover tidlegare i karrieren.[4] For Glover var det under innspelinga av konsertframsyninga hans The Butterfly Ball and the Grasshopper's Feast, eit Royal Albert Hall-arrangement som vart spelt inn 16. oktober 1975. Ein tilhøyrande film kom ut året etter.[5].

Utgivingsinformasjon endre

 
Den kjende skodespelaren Vincent Price, inspirasjonskjelda til songen, er avbilda på Broadway på 1940-talet.

Deep Purple som gruppe bestemde seg for å gi ut «Vincent Price» som digital nedlasting, gjennom ei utvida CD-utgiving, og òg som ein sju-tommars gjennomsiktig vinylplate. Bandet laga i tillegg ein musikkvideo til låten. Det var deira første offisielle video på over tjue år, og han vart raskt distribuert gjennom ulike musikkrelaterte publikasjonar, mellom anna Blabbermouth.net.

Kritikaren Steve Leggett, som skreiv for Allmusic, rosa «Vincent Price» som ein «massiv, kraftfull og litt uhyggjeleg» låt. Han rosa i tillegg det overordna albumet, og Leggett noterte at Now What?! har «ein svulstig sjølvtillit som verkeleg er ganske fantastisk» og har eit «tidlaust» lydbilete.[1] Blabbermouth.net spådde at den spesielle CD-singelen og den tilhøyrande sjutommars vinylplata vil bli eit «samlarobjekt», og notert at dei inkluderte songen «First Sign of Madness» som til slutt vart droppa frå Now What?!-albumet.[3]

Innhald endre

7"-singel endre

  1. «Vincent Price»
  2. «First Sign of Madness»

CD-singel endre

  1. «Vincent Price» - 4:47
  2. «First Sign of Madness» - 4:26 (Ikkje albumspor)
  3. «The Well-Dressed Guitar» - 2:51
  4. «Wrong Man» - 4:30 (konsertopptak frå 10. oktober 2005 i London)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Leggett, Steve. «Now What?! - Deep Purple». AllMusic. Henta 25. mars 2015. 
  2. «Deep Purple | New Studio Album Now What?! - Out April 2013». Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 26. mai 2013. 
  3. 3,0 3,1 «DEEP PURPLE: 'Vincent Price' Single Artwork Unveiled». Blabbermouth.net. 25. mai 2013. Henta 16. april 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Ian Gillan: 'New Song Vincent Price Is Just A Bit Of Fun'». Contactmusic.com. 29. mai 2013. Henta 16. april 2017. 
  5. «The Butterfly Ball - Attend If You Dare». Moviemorlocks.com