Vindelälven er eit 453 km langt vassdrag i den sørlege delen av landskapa Lappland og Västerbotten (Västerbottens län) med eit tilsigsfelt på 12 650 km². Vindelälven er ei sideelv til Umeälven og er omtrent like vassrik som denne ved samløpet. Vindelälven er den største sideelva i Sverige. Middelvassføringa ved munningen er 190 m³/s.

Vindelälven
elv
Renforsen i Vindelälven
Land  Sverige
Nedslagsfelt 12 650 km²
Lengd 445 km
Vassføring
 - middel 190 /s
Munning Ume älv
 - koordinatar 63°55′00″N 19°51′30″E / 63.91667°N 19.85833°E / 63.91667; 19.85833
Kart
Vindelälven
63°55′04″N 19°51′28″E / 63.91787°N 19.857788°E / 63.91787; 19.857788
Wikimedia Commons: Vindelälven

Vindelälven startar nær grensa mot Noreg i den sørlege delen av Arjeplog kommun, og renn søraustover gjennom heile Sorsele kommun, inklusiv innsjøen Storvindeln, passerer gjennom Vindeln kommun og ein liten del av Umeå kommun, og endar opp i Vännäs kommun der ho munnar ut i Umeälven like aust for Vännäsby, 25 km frå Bottenviken. På sin veg passerer ho Ammarnäs, Sorsele, Rusksele, Åmsele og Vindeln. Den største sideelva til Vindelälven er Laisälven.

Vindelälven er ei av dei fire store uregulerte fjellelvane i Sverige. Vassmengda hennar under vårsmeltninga kan derfor vere langt større enn i den regulerte Umeälven.

I 1993 vart Vindelälven utpeikt som ei nasjonal elv av Den svenske riksdagen, saman med Torne älv, Kalixälven og Piteälven.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre