Volvo Aero var eit tidlegare dotterselskap til Aktiebolaget Volvo, som utviklar høgteknologiske komponent til fly- og rom-industrien. Dei produserer òg gassturbinar. Volvo Aero vart stifta i Trollhättan, i 1930, under namnet Volvo Flygmotor. Oppgåva var opphavleg å forsyna det svenske flyvåpnet med jetmotorar. I 2007 hadde verksemda 3 200 tilsette og omsette for 7,646 millionar SEK. 1. oktober 2012 vart Volvo Aero seld til det britiske føretaketGKN.

F-104 utstilt utanfor GKN i Kongsberg.
Volvo Flygmotor RM 6C

Produkt endre

Produkta til Volvo Aero vart utsette for høge påkjenningar og vart produserte med snevre toleransar og høge kvalitetskrav.

Fabrikkar og kontor endre

Hovudkontoret til Volvo Aero låg i Trollhättan, der dei òg hadde ein fabrikk, Volvo Aero Corporation. Applied Composites AB i Linköping laga komposittprodukt. Utanfor Sverige hadde selskapet fabrikkar i Noreg, Volvo Aero Norge i Kongsberg, USA med Volvo Aero Connecticut i Newington, og India, med Volvo Aero India i Bangalore.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre