Waitomo er eit distrikt som ligg nord i King Country, i regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Ein liten del av distriktet, byen Tiroa, ligg i regionen Manawatu-Wanganui.

Waitomo District
distrikt
Land  New Zealand
Folketal 9 303 (6. mars 2018)[1]
Kart
Waitomo District
38°21′00″S 175°11′00″E / 38.35°S 175.18333333333°E / -38.35; 175.18333333333
Wikimedia Commons: Waitomo District

Distriktet er landleg og for ein stor del eit mjølkeproduserande område. Setet til distriktsstyret, Waitomo District Council, ligg i Te Kuiti, som har eit folketal på 4419. Ingen andre busetnader i distriktet har eit folketal over 500. Folketalet i heile distriktet var ved folketeljinga i 2006 9441[2], av desse var 39% māoriar. Flatevidda til distriktet er 3546,76 km², av dette ligg 94,87 prosent i regionen Waikato og 5,13 prosent i regionen Manawatu-Wanganui. Waitomo District vart oppretta i 1976.

Dei viktigaste næringsvegane i distriktet er saueavl, skogdrift og kalksteinsbrot.

Området er kjent for dei populære karstgrottene Waitomo Caves, tolv km nordvest for Te Kuiti. Det finst talrike andre grotter i kalksteinsklippene i Waitomodistriktet.

Vêrlag endre

Gjennomsnittstemperaturen om sommaren er 18,5°C, om vinteren 9,5 °C, og årsnedbøren er 1473 mm. Det førekjem frost i gjennomsnitt 47 dagar i året, og det årlege talet på solskinstimar er 1749[3]

 
Inngangen til ei grotte. Waitomodistriktet er kjent for kalksteinsgrottene.
 
Ein gard i distriktet.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

38°21′S 175°11′E / 38.350°S 175.183°E / -38.350; 175.183