West Sussex er eit grevskap sør i England, som grensar til East Sussex (med Brighton and Hove), Hampshire og Surrey. Grevskapet Sussex vart delt i ein austleg og ein vestleg del alt på 1100-talet og fekk sine eigne grevskapsråd i 1888. Det vart derimot verande eit enkelt seremonielt grevskap fram til 1974. På denne tida vart òg regionen Mid Sussex (inkludert Haywards Heath, Burgess Hill og East Grinstead) overført frå East Sussex.

West Sussex
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
Region Søraust-England
Areal 1 991 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

781 600
392,6 /km²
Etnisitet 96,6 % kvite
1,7% sørasiatiske
Distrikt
  1. Worthing
  2. Arun
  3. Chichester
  4. Horsham
  5. Crawley
  6. Mid Sussex
  7. Adur

West Sussex er eit variert grevskap som er kjent for herregardar og slott, som Arundel Castle og Bramber Castle. Over halve grevskapet er verna landsbygd med mange populære fot- og sykkelstiar.[1]

Chichester er adminsitrasjonsstad og det høgaste punktet i grevskapet er Black Down, på 280 meter over havet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: West Sussex

51°03′30″N 0°41′24″W / 51.05840°N 0.69006°W / 51.05840; -0.69006