Surrey er eit grevskap i det søraustlege England. Det blir rekna som eit av Home Counties, og grensar mot Hampshire, Berkshire, Stor-London, Kent, East Sussex og West Sussex.

Surrey
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
Region Søraust-England
Areal 1 663 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

1 109 700
667,3 /km²
Etnisitet 95,0 % kvite
2,2% sørasiatiske
Distrikt
  1. Spelthorne
  2. Runnymede
  3. Surrey Heath
  4. Woking
  5. Elmbridge
  6. Guildford
  7. Waverley
  8. Mole Valley
  9. Epsom and Ewell
  10. Reigate and Banstead
  11. Tandridge

Tidlegare var administrasjonssenteret Guildford, som er ein katedralby og heimby for Universitetet i Surrey. Det blei så flytta til Kingston, som på grunn av ei grenseendring ikkje lenger ligg i Surrey. Det er derfor planar om å flytte administrasjonen til Woking.

På grunn av nærleiken til London er mange av dei som bur i landsbyane i Surrey pendlarar, folketettleiken er høgare enn i nabogrevskapa og normalinntekta ligg noko over landsgjennomsnittet.

Mykje av Surrey er i eit område som blir kalla «Det grøne beltet», og det er derfor laga ei rekkje gangvegar, vegar for hestetrafikk, allmenningar og private område med fri ferdsel for publikum. Dette har ført til at Surrey tilbyr mange landlege fritidsaktivitetar, og at det er svært mange hestar i grevskapet.

Det høgaste punktet er Leith Hill ved Dorking, omkring 295 m.o.h.

Bakgrunnsstoff endre


51°14′35″N 0°25′05″W / 51.243°N 0.418°W / 51.243; -0.418