Whitecliff Bay er ei sandete bukt nær det austlegaste punktet på Isle of Wight i England, om lag 3 km sørvest for Bembridge og like nord for Culver Down. Ho er ein turiststad med ei populær strand av sand og grus. To kafear ligg ved stranda.

Whitecliff Bay

Geologi endre

Whitecliff Bay har nesten identisk geologi som Alum Bay, men er mindre kjend. Her kan ein sjå klassiske sekvensar av berglag frå eosen av mjuk sand- og leirstein, som inneheld fossil. Dei to bergartane er fråskilde av ein diskordans frå underliggande kalkformasjonar frå krittida. På grunn av folding frå den alpine orogenesen er hovudlaget vertikalt.[1]

Historie endre

Whitecliff Bay var ein av landgangane for den franske invasjonen av Isle of Wight i 1545.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. West, Ian M. 2007. Whitecliff Bay, Isle of Wight, Geology of the Wessex Coast of England. School of Ocean and Earth Science, National Oceanography Centre, Southampton, Southampton University. Version: 25. juli 2007

50°40′12″N 1°05′49″W / 50.67000°N 1.09694°W / 50.67000; -1.09694