Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 45, 2004

Utsikt frå Aksla

Ålesund er ein bykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Byen er i dag regionssenter for heile Sunnmøre, og fekk dei noverande grensene sine i 1977 da Sula vart skilt ut som eigen kommune. Ålesund er kjend for sine mange bygningar i jugendstil (Art Nouveau) — bygde i attreisinga etter bybrannen i 1904.

Ålesund kommune måler ca. 98 km², av dette er 8 km² jordbruksareal. Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyane Hessa i vest, Aspøya og Nørvøya i midten, og halvdelen av Oksnøya i aust. I nord ligg Ellingsøya atskilt frå dei førstnemnde øyane ved Ellingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad for Hurtigruta, og tek òg imot ferjer og lasteskip frå mellom anna Hamburg, Newcastle upon Tyne og Kingston upon Hull. Les meir.