Yo-yo av Kjersti Døvigen & Kirsti Sparboe og Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal
«Yo-yo» | ||
Land | Noreg | |
Språk | Norsk og engelsk | |
Utgjeve | 1974 | |
Låtskrivar(ar) | Ivar Børsum og Paul Cappelen |
---|
«Yo-yo» (engelsk for Jojo) er ein songav Kjersti Døvigen & Kirsti Sparboe og Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal, gjeven ut i 1974. Songen er skriven av Ivar Børsum og Paul Cappelen.[1]
Eurovision endre
Melodi Grand Prix 1974 endre
«Yo-yo» deltok i Melodi Grand Prix 1974, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1974 i Brighton i Storbritannia. Songen vart framført på norsk og engelsk av Kjersti Døvigen & Kirsti Sparboe med eit lite orkester, og så på nytt av Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal med eit stort orkester. Bidraget enda på fjerdeplass med 34 poeng.[2][3]
Fotnotar endre
- ↑ «MGP 1974» (på norsk). OGAE Norge. Henta 8. juli 2014.
- ↑ «Norway 1974» (på engelsk). esc-history.com. Henta 8. juli 2014.
- ↑ «NORWEGIAN FINAL 1974» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 8. juli 2014.