Eurovision Song Contest 1974

Eurovision Song Contest 1974 var den 19. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga fann stad laurdag 6. april 1974 i The Dome i Brighton i Storbritannia. Eigentleg skulle Luxembourg ha stått vertskap, etter å ha vunne på heimebane året før, men den luxembourgske kringkastaren CLT hadde ikkje økonomi til å arrangere finalen to år på rad. Dimed trødde BBC nok ein gong inn som vert, slik kringkastaren også hadde gjort i 19601963 og 1972. Dette var femte gongen Storbritannia arrangerte finalen, og for fjerde gong var tv-personlegdommen Katie Boyle programleiar.

Eurovision Song Contest 2022
Offisiell tittel
19. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 6. april 1974
Vertskap
Stad
The Dome i Brighton i Storbritannia
Programleiar(ar)
Katie Boyle
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
17
Debuterte
Flagget til Hellas Hellas
Trekte seg
Flagget til Frankrike Frankrike
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Sverige Sverige med «Waterloo» av ABBA
Eurovision Song Contest
Luxembourg by 1973 Stockholm 1975

Tevlinga samla 17 land. Opphaveleg var 18 land påmelde, blant dei debutlandet Hellas. Kort tid før finalen trekte Frankrike seg frå tevlinga, i respekt for president Pompidou, som hadde døydd fire dagar før finalen. Malta og Austerrike heldt seg også dette året utanfor tevlinga. I likskap med året før, kunne deltakarane syngje på det språket dei ønskte. Samtidig gjekk EBU tilbake juryordninga frå åra 1957–1961 og 1967–1970. Kvart land hadde ein jury med ti medlemmar som kvar gav eitt poeng til sin favorittsong. Dette var siste gongen denne ordninga blei brukt.

For fyrste gong vann Sverige Eurovision Song Contest, representert av popgruppa ABBA og songen «Waterloo». Vinnerlåten blei ein stor salssuksess og bana veg for ABBAs vidare internasjonale karriere. Den italienske vinnaren frå 1964, Gigliola Cinquetti, blei nummer to med «», mens Mouth & MacNeal frå Nederland kom på tredjeplass med «I See a Star». Vertslandet Storbritannia blei nummer fire med Olivia Newton-John og «Long Live Love». Ho delte fjerdeplassen med Luxembourg og Monaco. Noreg enda i motsett ende av resultatlista. Anne-Karine Strøm framførte «The First Day of Love» og enda på ein firedelt sisteplass med 3 røyster. Dette var tredje gongen Noreg kom på sisteplass i tevlinga.

Sendinga endre

 
The Dome, arenaen for Eurovision Song Contest 1974.

Etter å ha vunne på heimebane i 1973, med «Tu te reconnaîtras» og Anne-Marie David, takka den luxembourgske kringkastaren nei til å arrangere finalen i 1974. Særleg var det dei omfattande krava til sikkerheit som gjorde arrangementet så dyrt og omfattande at Luxembourg ikkje ønskte å ta på seg arrangørjobben igjen.[1] Nok ein gong steppa den britiske kringkastaren BBC inn som reserve-vert.[2] Dette var fjerde gongen BBC arrangerte Eurovision Song Contest på vegne av eit anna land, og femte gongen Storbritannia var vertskap. BBC la tevlinga til Brighton, heilt sør i England, og til konserthallen i kunstsenteret The Dome. Finalen blei arrangert laurdag 6. april 1974, og 17 land deltok. Hellas debuterte i tevlinga. Igjen var Katie Boyle programleiar, slik ho også hadde vore i 1960, 1963 og 1968. Med fire finalar er Boyle den som har leia flest Eurovision Song Contest-finalar. Også dette året kunne artistane syngje på det språket dei ville.

Eigentleg skulle også Frankrike ha delteke med songen «La vie à vingt-cinq ans» (norsk omsetjing: livet ved 25 år) og artisten Dani. Men presidenten i landet, Georges Pompidou, døydde fire dagar før finalen. Av respekt for den avlidne statsleiaren valde difor Frankrike å trekkje seg frå tevlinga.[2] Frankrike skulle ha stått på scena som nummer 14, og produsentane filma artisten Dani sitjande blant publikum då det franske bidraget skulle ha vore framført.

Også Malta hadde ytra ønske om å delta med songen «Peace to the World» og artisten Enzo Guzman, men den maltesiske kringkastaren droppa deltakinga av økonomiske grunnar.[3][4]

Sendinga blei kringkasta til 32 land med eit potensielt publikum på 500 millionar sjåarar. Både startrekkefølgja og avrøystingsrekkefølgja blei avgjorde med loddtrekking. Finland starta, mens Italia avslutta. Noreg blei trekt til å starte som nummer fire.

Programmet opna med ein introduksjonfilm om Brighton, før programleiaren Katie Boyle ønskte velkommen på engelsk og fransk. Pausenummeret var ein kortfilm med The Wombles, ei britisk popgruppe der artistane var utkledde som figurane frå barne-tv-programmet med same namn. Heile finalesendinga frå Brighton varte i 1 time og 50 minutt.[5]

Hitar og vinnarar endre

Blant deltakarane var det fleire kjende namn dette året. Australske Olivia Newton-John deltok for Storbritannia med «Long Live Love» og blei nummer fire. Newton-John mislikte songen og skal ha føretrekt fleire av dei andre songane frå den britiske finalen, men songen blei røysta fram av britiske tv-sjåarar i ei postkortavrøysting.[6]

Vinnaren av Eurovision Song Contest 1964, Gigliola Cinquetti, stilte igjen for Italia med låten «» og kom på andreplass. Popduoen Mouth & MacNeal blei nummer tre for Nederland. Dei hadde hatt stor suksess med låtar som «How Do You Do» og «Hello-a» to år tidlegare, og duoen fekk ny suksess med songen «I See a Star» etter tevlinga. På den norske VG-lista låg det nederlandske bidraget i 17 veker med tredjeplass som høgaste notering.[7] Britiske «Long Live Love» låg på VG-lista i elleve veker, også den med tredjeplass som høgaste notering.[8] Men vinnarsongen «Waterloo» med ABBA fekk den klart største suksessen, både i Noreg og ellers i Europa.[9][10]

Ei supergruppe blir fødd endre

 
ABBA vann med «Waterloo» og fekk ein omfattande karriere i åra etter.

For Sverige stilte kvartetten ABBA med låten «Waterloo». Dei hadde blitt nummer tre i svenske Melodifestivalen året før med songen «Ring Ring» – men då hadde kvartetten kalla seg Björn, Benny, Agnetha & Frida. Før finalen i Brighton var ABBA storfavorittar til å vinne, og gruppa gjekk på scena i legendariske kostyme, sølvstøvlar og med stjerneforma gitarar. I tillegg var dirigent Sven-Olof Walldoff utkledd som Napoléon. ABBA si livlege og fargerike framsyning braut alle tradisjonar i tevlinga og sette ein ny standard for Eurovision Song Contest i åra framover.[2][9][10] I avrøystinga vann «Waterloo» med 24 poeng, der to kom frå den norske juryen. Dette var den fyrste sigeren til Sverige i Eurovision Song Contest, og Skandinavias andre etter Danmark si «Dansevise» i 1963. Det var også fyrste gongen ei gruppe vann Eurovision Song Contest. «Waterloo» blei ein enorm salssuksess og bana veg for den vidare internasjonale karrieren til ABBA.[9][10] Songen nådde også den amerikanske Billboard-lista, og er blant dei mestseljande singlane i verda nokonsinne med over 5 millionar selde eksemplar.[11][12][13] Songen har ved fleire høve blitt kåra til den beste Eurovision-songen gjennom tidene, blant anna under jubileumsprogrammet i høve 50-årsjubiléet til Eurovision Song Contest i 2005.[14][15]

Noreg sitt bidrag endre

 
Anne-Karine Strøm deltok for Noreg. Her frå den norske finalen same år.

Norge stilte med låten «The First Day of Love», framført av Anne-Karine Strøm. I den norske finalen blei vinnarsongen «Hvor er du?» framført av Jahn Teigen med lite orkester og Anne-Karine Strøm med stort orkester. Dette var fyrste gongen Teigen dukka opp i Melodi Grand Prix-samanheng, men det skulle bli langt frå den siste. NRK valde til slutt Anne-Karine Strøm til å representere Noreg i Brighton, og songen blei omsett til engelsk med tittelen «The First Day of Love». Dette var fyrste gongen eit norsk bidrag ikkje hadde nokon som helst tekst på norsk. Songen var skriven av Frode Thingnæs og Philip Kruse. I Brighton var Noreg det fjerde bidraget ut på scena. Som koristar hadde Strøm med seg Bendik Singers, beståande av Anne Lise Gjøstøl og brørne Bjørn og Philip Kruse. Det norske bidraget fekk berre tre poeng – eit poeng kvar frå Sverige, Monaco og Belgia. Med det enda Noreg på ein firedelt sisteplass saman med Portugal, Sveits og Tyskland.

Komponisten Frode Thingnæs dirigerte det britiske orkesteret under Noreg si framføring, mens John Andreassen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet.[16] For fyrste gong hadde NRK Radio ein eigen kommentator, Erik Heyerdahl, som skulle komme til å kommentere sendinga fleire gongar sidan.[16][17] Sverre Christophersen las røystene frå den norske juryen frå studio på NRK Marienlyst i Oslo.

Politikken gjer sin entré endre

Fleire av bidraga dette året blei kopla til politiske hendingar. Frankrike måtte trekkje seg på grunn av at presidenten døydde nokre dagar før finalen, mens italiensk fjernsyn ikkje sende finalen direkte.[18] Årsaka var at Italia skulle halde folkeavrøysting om skilsmisse månaden etter finalen. Den italienske kringkastaren Rai meinte songtittelen på det italienske bidraget «» (‘ja’) kunne tolkast som ei oppfordring til å røyste ja i folkeavrøystinga. Difor sensurerte Rai songen og sende finalen frå Brighton i opptak etter at folkeavrøystinga var gjennomført 12. mai same år.[6][19][20]

 
Nederlandske Mouth & MacNeal ble nummer tre med «I See a Star».

Men størst politisk effekt fekk det portugisiske bidraget «E depois do adeus», sungen av Paulo de Carvalho. Trass i den delte sisteplassen blei songen ei viktig brikke i overgangen frå diktatur til demokrati i Portugal.[21] «E depois do adeus» blei brukt som eit av to kallesignal for å setje i gang Nellikrevolusjonen i Portugal. Då songen blei spelt på portugisisk radio klokka 22.55 om kvelden 24. april 1974, var dette eit signal til opprørarane om å førebu kuppet for å velte det sitjande regimet i Lisboa. Det andre kallesignalet kom like etter midnatt, då visesongen «Grândola, Vila Morena» blei spelt på same kanal.[22] Hendinga blei vigd ein eigen kortfilm under semifinale 2 av Eurovision Song Contest 2018, då konkurransen gikk av stabelen i Portugal.[23] I boka Official History of The Eurovision Song Contest kommenterer forfattar John Kennedy O'Connor at «E depois do adeus» er det einaste Eurovision-bidraget «som faktisk har starta ein revolusjon».[6]

Avrøystinga endre

Dette året gjekk EBU tilbake til det same avrøystingssystemet som blei brukt i åra 1957–1961 og 1967–1970. Kvart land hadde ein jury på ti medlemmar, der halvparten måtte vere under 30 år. Kvart medlem gav ei røyst til sin favorittsong. Dette tydde at kvart land hadde ti røyster til fri distribusjon, unntatt til songen frå sitt eige land. EBU sin oppsynsmann for avrøystinga var Clifford Brown. Juryane sat i sine heimland og vurderte bidraga ut frå lydopptak. Dei ti jurymedlemmane skulle ha ulik bakgrunn, alder, kjønn og heimstad.[24] For fyrste gong blei det gjennomført ei loddtrekking for å bestemme rekkefølgja landa skulle røyste i, noko som ikkje blei gjort igjen før i 2006.

Sverige leia avrøystinga hele vegen, men sigeren var langt frå suveren. Etter at den britiske juryen gav 5 røyster til Italia og ingen til Sverige, låg Sverige og Italia nesten likt. Halvvegs ut i avrøystinga leia Sverige med 12 røyster, og like bak låg Belgia og Italia med 10, mens Nederland hadde 9. Då tre land stod igjen for å røyste, leia Sverige med berre to røyster over Italia. Men mot slutten drog Sverige i frå, og ABBA vann til slutt tevlinga med 24 røyster over Italias 18. Nederland blei nummer tre med 15 røyster.

På grunn av dødsfallet til den franske presidenten fire dagar tidlegare kunne ikkje fjorårsvinnaren, franske Anne-Marie David, komme til Brighton for å overlevere sigerstrofeet.[6] I staden var det generaldirektøren for BBC og EBU-president Charles Curran som overleverte prisen til ABBA.[5]

Deltakarar endre

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[25] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen finns i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk[26] Norsk omsetjing Plass Poeng
01   Finland Carita «Keep Me Warm» Engelsk Hald meg varm 13 4
02   Storbritannia Olivia Newton-John «Long Live Love» Engelsk Lenge leve kjærleiken 4 14
03   Spania Peret «Canta y sé feliz» Spansk Syng og ver glad 9 10
04   Noreg Anne-Karine Strøm med Bendik Singers «The First Day of Love» Engelsk Den første dagen av kjærleik 14 3
05   Hellas Marinella «Krasí, thálassa ke t'agóri mou» Gresk Vin, hav og guten min 11 7
06   Israel Poogy «Natati la khayay» Hebraisk Eg gav ho livet mitt 7 11
07   Jugoslavia Korni Grupa «Generacija '42» Serbokroatisk Generasjon 42 12 6
08   Sverige ABBA «Waterloo» Engelsk 1 24
09   Luxembourg Ireen Sheer «Bye Bye I Love You» Fransk Farvel, farvel, eg elskar deg 4 14
10   Monaco Romuald «Celui qui reste et celui qui s'en va» Fransk Den som blir, og den som dreg 4 14
11   Belgia Jacques Hustin «Fleur de liberté» Fransk Fridomens blome 9 10
12   Nederland Mouth & MacNeal «I See a Star» Engelsk Eg ser ei stjerne 3 15
13   Irland Tina Reynolds «Cross Your Heart» Engelsk Kross på halsen 7 11
14   Tyskland Cindy og Bert «Die Sommermelodie» Tysk Sommarmelodien 14 3
15   Sveits Piera Martell «Mein Ruf nach dir» Tysk Mitt rop etter deg 14 3
16   Portugal Paulo de Carvalho «E depois do adeus» Portugisisk Og etter adjøet 14 3
17   Italia Gigliola Cinquetti «» Italiensk Ja 2 18

Artistar som har delteke tidlegare endre

Artist Land Deltok i Merkandar
Gigliola Cinquetti   Italia 1964 Vinnar av Eurovision Song Contest 1964
Romuald   Monaco 1964 Deltok for Luxembourg i 1964 og 1969
1969
Anne-Karine Strøm   Noreg 1973 Som del av Bendik Singers
Bendik Singers Kun Bjørn Kruse og Philip Kruse

Poengtavle endre

Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen. Rekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking.[27]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
                                 
  Finland 2 1 1 4 13
  Storbritannia 1 4 1 1 2 1 1 3 14 4
  Spania 1 2 1 2 1 3 10 9
  Noreg 1 1 1 3 14
  Hellas 1 4 2 7 11
  Israel 2 1 2 2 1 3 11 7
  Jugoslavia 1 1 1 1 2 6 12
  Sverige 5 1 2 2 1 1 2 1 3 1 5 24 1
  Luxembourg 2 2 1 3 1 1 1 1 2 14 4
  Monaco 2 1 1 1 2 1 1 2 1 2 14 4
  Belgia 3 2 5 10 9
  Nederland 1 1 1 3 2 1 1 1 3 1 15 3
  Irland 2 1 2 1 2 2 1 11 7
  Tyskland 1 1 1 3 14
  Sveits 1 1 1 3 14
  Portugal 1 2 3 14
  Italia 2 1 1 5 1 1 2 4 1 18 2

Dirigentar endre

Mens Ronnie Hazlehurst var sjefdirigent, hadde dei fleste land med sin eigen dirigent. Under er ei liste over deltakerlandas dirigenter, lista etter startrekkefølgja.[28]

Land Dirigent
  Finland Ossi Runne
  Storbritannia Nick Ingman
  Spania Rafael Ibarbia
  Noreg Frode Thingnæs
  Hellas Jorgos Katsaros
  Israel Yoni Rechter
  Jugoslavia Zvonimir Skerl
  Sverige Sven-Olof Walldoff
  Luxembourg Charles Blackwell
  Monaco Raymond Donnez
  Belgia Pierre Chiffre
  Nederland Harry van Hoof
  Irland Colman Pearce
  Tyskland Werner Scharfenberger
  Sveits Pepe Ederer
  Portugal José Calvário
  Italia Gianfranco Monaldi

Kommentatorar og poengopplesarar endre

Poengopplesarar endre

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte sitt lands poeng på engelsk eller fransk over telefon.[29] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga:

  1.   Finland – Aarre Elo[30]
  2.   Luxembourg – Ukjend
  3.   Israel – Yitzhak Shim'oni[31]
  4.   Noreg – Sverre Christophersen
  5.   Storbritannia – Colin Ward-Lewis[32]
  6.   Jugoslavia – Helga Vlahović[33]
  7.   Hellas – Irini Gavala
  8.   Irland – Brendan Balfe
  9.   Tyskland – Ekkehard Böhmer
  10.   Portugal – Henrique Mendes[34]
  11.   Nederland – Dick van Bommel
  12.   Sverige – Sven Lindahl[35]
  13.   Spania – Antolín García
  14.   Monaco – Sophie Hecquet[36]
  15.   Sveits – Michel Stocker[37]
  16.   Belgia – André Hagon
  17.   Italia – Anna Maria Gambineri[38]

Kommentatorar og kringkastarar endre

Ifølgje Katie Boyle blei tevlinga overført til 32 land. Alle deltakarlanda, med unntak av Italia, overførte sendinga direkte. I tillegg til på fjernsyn blei finalen overført på radio i Belgia, Finland, Irland, Norge, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige og Tyskland. Dei fleste landa hadde eigne kommentatorar som formidla informasjon, farger og hendingar direkte til sjåarane. Under er ei oversyn over kommentatorar og kringkastarar under Eurovision Song Contest 1974:[39]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
  Belgia BRT BRT Nederlandsk: Herman Verelst [40][41][42]
BRT 1 Ukjend
RTB RTB Fransk: Georges Désir [41][42][43]
Radio Une Ukjend
  Finland Yle TV1 Finsk: Matti Paalosmaa [44][45]
Yleisohjelma
Ruotsinkielinen ohjelma Svensk: Åke Grandell
  Hellas EIRT EIRT Mako Georgiadou [46][47]
  Irland RTÉ RTÉ Mike Murphy [48][49]
RTÉ Radio Liam Devally [50][51]
  Israel IBA Israelsk fjernsyn Ingen kommentator [52]
  Italia Rai Secondo Programma Rosanna Vaudetti, sendt i opptak 6. juni 1974 [53][54]
  Jugoslavia JRT TVB 1 Serbisk: Milovan Ilić [55]
TV Ljublijana 1 Slovensk: Tomaž Terček [56][57]
TV Zagreb 1 Kroatisk: Oliver Mlakar [55][58]
  Luxembourg CLT RTL Télé-Luxembourg Jacques Navadic [43][59]
  Monaco Télé Monte-Carlo Brukte den franske kommentatoren [60]
  Nederland NOS Nederland 2 Willem Duys [42][61]
  Noreg NRK NRK Fjernsynet John Andreassen [62][62]
NRK Radio Erik Heyerdahl, sendt i opptak fra 23.00
  Portugal RTP I Programa Artur Agostinho [63][64]
Emissora Nacional Programa 1
  Spania TVE TVE 1 José Luis Uribarri [65][66]
RNE Radio Nacional Ukjent [66]
  Storbritannia BBC BBC1 David Vine [32][67]
BBC Radio 1, BBC Radio 2 Terry Wogan [68][69]
BFBS BFBS Radio Richard Astbury [32]
  Sveits SRG SSR TV DRS Tysk: Theodor Haller [70][71]
DRS 1 Tysk: Max Rüeger, sendt i opptak 9. april 1974 [72]
TSR Fransk: Georges Hardy [73]
RSR 1 Fransk: Robert Burnier [74]
TSI Italiensk: Giovanni Bertini [54][75]
RSI 1 Italiensk: Ukjend [75]
  Sverige Sveriges Radio TV1 Johan Sandström [44][35]
SR P3 Ursula Richter
  Tyskland ARD Deutsches Fernsehen Werner Veigel [43][70][76][77]

Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land endre

Finalen blei sendt i 15 ikkje-deltakande land, enten direkte eller i opptak: Algerie, Austerrike, Bulgaria, Frankrike, Island, Japan, Jordan, Kypros, Marokko, Polen, Sovjetunionen, Sør-Korea, Tsjekkoslovakia, Tunisia og Ungarn. I lista under er stadfesta overføringar og kringkastarar.

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
  Austerrike ORF FS2 Ernst Grissemann [78]
  Frankrike ORTF Première Chaîne de l'ORTF Pierre Tchernia, sendt i opptak 13. april 1974 [79]
  Island RÚV Sjónvarpið Ukjend, sendt i opptak [80]
  Malta PBS Malta Television Service Victor Aquilina [81]
  Tyrkia TRT TRT Televizyon Bülend Özveren [82]
  Ungarn MTV MTV1 Ukjent, sendt i opptak 25. mai 1974 [83]

Kjelder endre

  1. Eriksen, Espen (28. januar 1974). «Klart for Grand Prix». Verdens Gang. s. 37. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Eurovision Song Contest – Brighton 1974». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 10. april 2023. 
  3. «List of Withdrawn Songs». Eurovision Song Contest Wiki (på engelsk). Henta 26. juli 2017. 
  4. «NO, NO, NEVER!!! – SONGS THAT DID NOT MAKE IT TO EUROVISION». Arkivert frå originalen 1. mars 2009. Henta 10. april 2023. 
  5. 5,0 5,1 Katie Boyle (6. april 1974). «Eurovision Song Contest 1974 – full show». BBC/EBU. Henta 10. april 2023 – via YouTube. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 O'Connor, John Kennedy (2007). The Eurovision Song Contest – The Official History. Carlton Books. ISBN 978-1-84442-994-3. 
  7. «Den norske singellisten: Mouth & MacNeal – I See a Star». norwegiancharts.com. Norwegian charts portal. Henta 10. april 2023. 
  8. «Den norske singellisten: Olivia Newton-John - Long Live Love». norwegiancharts.com. Norwegiancharts.com. Henta 10. april 2023. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Gordon Roxburgh (6. april 2014). «40 years since ABBA won with Waterloo». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 10. april 2023. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Victor M. Escudero (6. november 2014). «ABBA: 40 years... and still a-live!». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen 27. november 2022. Henta 10. april 2023. 
  11. Bronson, Fred (6. april 2019). «45 Years Ago Today, ABBA Started Its Global Conquest With Eurovision Win for ‘Waterloo’». Billboard (på engelsk). Arkivert frå originalen 6. oktober 2022. Henta 10. april 2023. 
  12. «Billboard Hot 100 – the week of August 24, 1974». Billboard. 24. august 1974. Arkivert frå originalen 4. april 2023. Henta 10. april 2023. 
  13. «Waterloo – ABBA». superseventies.com. Arkivert frå originalen 1. august 2021. Henta 18. februar 2017. 
  14. «Abba win 'Eurovision 50th' vote». BBC News. 23. oktober 2005. Arkivert frå originalen den 14. mars 2023. 
  15. «Waterloo named best ever Eurovision song». Manchester Evening News. 1. juli 2005. Arkivert frå originalen den 14. mai 2022. 
  16. 16,0 16,1 «Radio og TV: Finale i Brighton». Telemark Arbeiderblad. Nasjonalbiblioteket. 6. april 1974. s. 20–21. Henta 10. april 2023. 
  17. NRK Radio (6. april 1974). «NRK P1 1974.04.06 : programrapport». urn.nb.no. Nasjonalbiblioteket. Henta 26. juli 2017. 
  18. «Il 'Sì' della Cinquetti alla Televisione svizzera» [Cinquettis «ja» på sveitsisk fjernsyn]. La Stampa (på italiensk). 7. april 1974. s. 8. Henta 10. april 2023. 
  19. «BBC One - Eurovision Song Contest, Grand Final: 1974». BBC (på engelsk). Henta 10. april 2023. 
  20. John Richards (13. april 2017). «The Eurovision entrant banned... by her own country». Guide (på engelsk). SBS. Henta 10. april 2023. 
  21. «ESC History: How a Eurovision Song Started a Revolution». The Eurovision Times. 29. juni 2012. Henta 23. desember 2016. 
  22. Davison, Phil (25. april 1994). «Carnation Revolution withers: Phil Davison finds the new Portugal a let-down for the men who won it freedom 20 years ago». The Independent. 
  23. «The Eurovision song that made Portuguese history – second semi-final of Eurovision 2018». RTP/EBU – Eurovision Song Contest (på norsk bokmål). 10. mai 2018. Henta 11. april 2023 – via YouTube. 
  24. Iversen, Ludwig (21. november 1973). «Ny vri på Melodie Grand Prix». Verdens Gang. s. 38. 
  25. «Final of Brighton 1974 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. september 2022. 
  26. «Eurovision Song Contest 1974». The Diggiloo Thrush. Henta 26. juli 2017. 
  27. «Eurovision Song Contest 1974 – poeng land for land». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 8. november 2017. Henta 10. april 2023. 
  28. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  29. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  30. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 10. august 2012. 
  31. «פורום אירוויזיון» (på hebraisk). Sf.tapuz.co.il. 13. september 1999. Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 10. august 2012.  Arkivert 8. oktober 2011 på Wayback Machine.
  32. 32,0 32,1 32,2 Roxburgh, Gordon (2014). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Two: The 1970s. Prestatyn: Telos Publishing. s. 142–168. ISBN 978-1-84583-093-9. 
  33. «Helga Vlahović: 1990 presenter has died». eurovision.tv (på engelsk). 27. februar 2012. Henta 10. april 2023. 
  34. «Comentadores Do ESC – escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português» (på portugisisk). 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012. 
  35. 35,0 35,1 Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 108–109. ISBN 91-89136-29-2. 
  36. Facets of Eurovision Song Contest 1975, Times of Malta, 31. mars 1975, side 7.
  37. Baumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland)
  38. Abbate, Mauro (7. mai 2022). «Italia all'Eurovision Song Contest: tutti i numeri del nostro Paese nella kermesse europea». Notizie Musica (på italiensk). Henta 10. april 2023. 
  39. «The Eurovision Song Contest (1974)». imdb.com. Henta 24. juli 2017. 
  40. Adriaens, Manu & Loeckx-Van Cauwenberge, Joken. Blijven kiken!. Lannoo, Belgium. 2003 ISBN 90-209-5274-9
  41. 41,0 41,1 «TV Programma». De Voorpost (på nederlandsk). 5. april 1974. s. 31. 
  42. 42,0 42,1 42,2 «Televisie | Radio». De Volkskrant (på nederlandsk). 6. april 1974. s. 41. 
  43. 43,0 43,1 43,2 «Télé-programmes – samedi 6 avril». Luxemburger Wort (på fransk). viewer.eluxemburgensia.lu. 5. april 1974. Henta 8. januar 2023. 
  44. 44,0 44,1 «Radio ja TV». Helsingin Sanomat (på finsk). 6. april 1974. s. 45. Henta 23. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  45. «Carita ensimmäisenä Eurovisiokilpailussa». Helsingin Sanomat (på finsk). 6. april 1974. s. 45. Henta 23. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  46. «Η Μακώ Γεωργιάδου και η EUROVISION (1970–1986)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 10. august 2012. 
  47. «Eurovision 2020: Γιώργος Καπουτζίδης -Μαρία Κοζάκου στον σχολιασμό του διαγωνισμού για την ΕΡΤ». Matrix24 (på gresk). 12. februar 2020. Arkivert frå originalen 14. februar 2020. Henta 7. februar 2023. 
  48. «Television Today». The Irish Times. 6. april 1974. s. 21. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  49. Bedell, Roy (5. juli 2012). «Irish Eurovision delegation arrive home (1974)». stillslibrary.rte.ie (på engelsk). RTÉ Archives. Arkivert frå originalen 20. september 2012. Henta 16. april 2023. 
  50. «Radio Today». The Irish Times. 6. april 1974. s. 21. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  51. «Broadcaster and judge who became a household name». The Irish Times (på engelsk). 12. mai 2012. Henta 10. april 2023. 
  52. «(Televizia Klalit) טלוויזיה כללית». Al HaMishmar (Israels nasjonalbibliotek). 5. april 1974. s. 47. 
  53. «I programmi di giovedì 6». La Stampa. www.archiviolastampa.it. 5. juni 1974. s. 8. Henta 16. april 2023. 
  54. 54,0 54,1 «Eurovision Song Contest 1974» (på italiensk). Eurofestivalnews. 12. september 2016. Henta 16. april 2023. 
  55. 55,0 55,1 «Eurovision 1974 Yugoslavia: Korni - "Moja Generacija"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 16. april 2023. 
  56. Carter, Ford (20. mai 2021). «The Longest-Serving Eurovision Commentators». aussievision (på engelsk). Henta 6. april 2023. 
  57. «Televizija – 6. aprila» (PDF). Glas. 6. april 1974. s. 15. Arkivert (PDF) frå originalen den 8. januar 2023. 
  58. «TV Program JRT». Slobodna Dalmacija. 6. april 1974. s. 15. Henta 16. april 2023. 
  59. Dievort, Charles Van. «Jacques Navadic, un des pionniers de RTL, est décédé». La Libre.be (på fransk). Henta 7. april 2023. 
  60. «Monaco – Brighton 1974». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 16. april 2023. 
  61. Van Dijk, Ale (6. april 1974). «Eurovisie songfestival volgend jaar bij ons». Het Vrije Volk (Delpher). s. 5. 
  62. 62,0 62,1 «Radio- og TV-programmene». Moss Dagblad. Nasjonalbiblioteket. 6. april 1974. s. 4. Henta 11. april 2023. 
  63. «Televisão | Rádio». Diário de Lisboa. casacomum.org. 6. april 1974. s. 26. Henta 16. april 2023. 
  64. Castrim, Mário (7. april 1974). «Um Waterloo onde faltou Cambronne». Diário de Lisboa (på portugisisk). s. 32. 
  65. LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023. 
  66. 66,0 66,1 «Programas de Radio y Televisión». La Vanguardia (på spansk). Hemeroteca – La Vanguardia. 6. april 1974. s. 59. Henta 8. januar 2023. 
  67. «Eurovision Song Contest 1974 – BBC1». Radio Times. BBC Genome Project. 6. april 1974. Henta 16. april 2023. 
  68. «Eurovision Song Contest 1974 – BBC Radio 2». Radio Times. genome.ch.bbc.co.uk. 6. april 1974. Henta 16. april 2023. 
  69. «Schedule – BBC Radio 1 – 6 April 1974». Radio Times. genome.ch.bbc.co.uk. 6. april 1974. Henta 16. april 2023. 
  70. 70,0 70,1 «Fernsehen – Samstag». Der Bund (e-newspaperarchives.ch). 7. april 1974. s. 53. Henta 16. april 2023. 
  71. Carter, Ford (20. mai 2021). «The Longest-Serving Eurovision Commentators». aussievision (på engelsk). Henta 10. april 2023. 
  72. «Radio». Der Bund (på tysk). e-newspaperarchives.ch. 9. april 1974. s. 46. Henta 16. april 2023. 
  73. «TV – samedi 6 avril». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 4. april 1974. s. 30–31. Henta 16. april 2023. 
  74. «Radio – samedi 6 avril». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Héliographia SA. 4. april 1974. s. 60–61. Henta 16. april 2023 – via Scriptorium. 
  75. 75,0 75,1 «Radio Televisione». Gazzetta Ticinese (på italiensk). Sistema bibliotecario ticinese. 6. april 1974. s. 8. Henta 16. april 2023. 
  76. «Eurovision Song Contest 1974». www.ecgermany.de. Henta 16. april 2023. 
  77. «Eurovision 1974 Germany: Cindy und Bert - "Die Sommermelodie"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 16. april 2023. 
  78. Halbhuber, Axel (22. mai 2015). «Ein virtueller Disput der ESC-Kommentatoren». kurier.at (på tysk). Kurier. Arkivert frå originalen 23. mai 2015. Henta 15. januar 2023. 
  79. «1974 - Brighton». songcontest.free.fr. Henta 10. april 2023. 
  80. «"ABBA" með lagið "Waterloo" leggja Evrópu að fótum sér». Vísir. timarit.is. 17. mai 1974. s. 13. Henta 11. april 2023. 
  81. «Euro Song Contest – Sweden's runaway victory». Times of Malta. 8. april 1974. s. 7. 
  82. Carter, Ford (20. mai 2021). «The Longest-Serving Eurovision Commentators». aussievision (på engelsk). Henta 10. april 2023. 
  83. «TV – kedd május 8». Rádió- és Televízió-újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 20. mai 1974. s. 20. Arkivert frå originalen 7. januar 2023. Henta 11. april 2023. 

Bakgrunnsstoff endre