Yumaørkenen er eit lågareliggjande område i Sonoraørkenen sørvest i USA og nordvest i Mexico. Han ligg i det endorheiske bekkenet Salton Sink. Med ei gjennomsnittleg nedbørsmengd på under 200 mm i året er han ein av dei tørraste ørkenane i Nord-Amerika.

Imperial Dunes i Yuma-ørkenen

Ørkenen omfattar område med skrinn vegetasjon og har merkbare sanddyner. Det finst også lite folk her. Den største busetnaden er Yuma i Arizona, som ligg ved Colorado-elva og grensa til California. Han har rundt 95 000 innbyggjarar.

Kjelder endre