Zadie Smith

britisk skribent

Zadie Smith (fødd 25. oktober 1975)[1] er ein engelsk forfattar som har skrive ei rekkje kjende romanar, særleg debuten Hvite tenner (2000). I 2003 blei ho teken med på det litterære tidsskriftet Granta si liste over dei tjue beste unge britiske forfattarane.

Zadie Smith

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 25. oktober 1975 (48 år)
London
Yrke skribent, romanforfattar, essayist, akademikar
Språk Engelsk
Periode 2000-
Sjanger roman
Medlem av Royal Society of Literature, American Academy of Arts and Sciences
Ektefelle Nick Laird
Debut Hvite tenner (2000)
Zadie Smith på Commons

Liv endre

Tidleg liv endre

Zadie Smith blei fødd som Sadie Smith i nordvestlege London i bydelen Brent, som hovudsakleg var eit arbeidarklassestrøk. Mor hennar, Yvonne McLean, var frå Jamaica, og hadde kome til England i 1969. Faren, Harvey Smith, var engelsk, og hadde vore gift ein gong før. Smith har ei halvsyster, ein halvbror og to yngre brør - den eine av dei rapparen og stand-upkomikaren Doc Brown, den andre rapparen Luc Skyz. Foreldra hennar skilde seg då ho var i tenåra. 14 år gammal endra ho stavemåten på fornamnet sitt frå «Sadie» til «Zadie».

Utdanning og karriere endre

Smith studerte engelsk litteratur ved King's College ved Universitetet i Cambridge.[2] Ved Cambridge gav ho ut fleire noveller i ei samling av studentskrift kalla May Anthologies. Desse fekk merksemd frå ein utgjevar som tilbaud henne kontrakt for ein roman. Smith bestemte seg for å kontakta ein litterær agent og blei teken opp av Wylie Agency på grunnlag av eitt kapittel.

Hvite tenner (White Teeth) blei introdusert for forlaga i 1997, lenge før boka var ferdigskriven. På grunnlag av det ufullførte manuskriptet byrja ein auksjon for rettane blant ulike utgjevarar, og Hamish Hamilton vann i Storbritannia. Smith fullførte Hvite tenner i løpet av det siste året sitt ved Cambridge, og boka blei gjeven ut i 2000. Ho blei ein bestseljar med ein gong. Romanen blei rosa internasjonalt og vann ei rekkje prisar. Romanen blei filmatisert for fjernsyn i 2002 av Channel 4.[1]

Smith blei fastbuande forfattar (writer-in-residence) ved Institute of Contemporary Arts i London. Ho redigerrte og gav ut ein antologi av tekstar om sex, Piece of Flesh, som kulminasjon av denne rolla.

I intervju har ho medgjeve at den intensive publisiteten rundt den første romanen hennar ei tid gav henne skrivesperre. Etter ei tid klarte ho likevel å produsera att, og den andre romanen hennar, The Autograph Man (Autografmannen), kom ut i 2002. Også denne blei ein kommersiell suksess, sjølv om meldingane denne gongen var mindre overveldande positive enn dei for Hvite tenner. Etter utgjevinga budde Smith i USA som fellow ved Radcliffe Institute for Advanced Study Fellow ved Harvard University frå 2002 til 2003.[3] Her byrja ho på ei bok med essay kalla The Morality of the Novel eller Fail Better, der ho tek for seg forfattarar frå 1900-talet frå eit moralfilosofisk synspunkt. Boka blei ikkje gjeven ut, men danna truleg grunnlag for essaysamlinga Changing My Mind som kom ut i november 2009.[4]

Den tredje romanen hennar, On Beauty, kom ut i september 2005, og fekk betre anerkjenning enn den føre. Romanen har handling hovudsakelig i og rundt den amerikanske byen Boston. Han blei kortlista for Bookerprisen,[5] og vann Orangeprisen og Anisfield-Wolf Book Award.[6]

Etter å ha undervist i skjønnlitteratur ved Columbia University School of the Arts blei Smith tilsett ved New York University i ei fast professorstilling i skjønnlitteratur i 2010.[7]

I 2012 gav ho ut romanen NW, med handling frå Kilburn nordvest i London og tittel etter det lokale postnummeret, NW6. NW blei kortlista til Royal Society of Literature sin ondaatjepris og til Women's Prize for Fiction.[8] Han blei filmatisert for BBC fjernsyn regissert av Saul Dibb og med manus av Rachel Bennette.[9]

Den femte romanen til Smith, Swing Time, kom ut i november 2016.[10] Han blei langlista til Man Booker-prisen i 2017.

Privatliv endre

Zadie Smith møtte forfattaren Nick Laird ved Universitet i Cambridge. Dei gifta seg i 2004 i Cambridge, og ho dedikerte On Beauty til «min kjære Laird». Paret budde i Monti i Roma frå november 2006 til 2007 og oppretta deretter basar både i New York (der begge underviste i kreativ skriving ved Columbia University) og Kilburn i London. Paret har to barn, Katherine (Kit) og Harvey (Hal).[11]

Bibliografi endre

Noveller endre

Romanar endre

  • White Teeth (2000). – Utgjeven på norsk som Hvite tenner. Omsett av Torleif Sjøgren-Erichsen. (Aschehoug, 2001)
  • The Autograph Man (2002). – Utgjeven på norsk som Autografmannen. Omsett av Kari og Kjell og Risvik. (Aschehoug, 2003)
  • On Beauty (2005). – Utgjeven på norsk som Om skjønnhet. Omsett av Kari og Kjell og Risvik. (Aschehoug, 2006)
  • NW (2012). – Utgjeven på norsk som NW. Omsett av Kari og Kjell og Risvik. (Aschehoug, 2013)
  • Swing Time (2016)

Redaktør av antologier endre

Essay og andre skrift endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Edemariam, Aida: «Learning curve», The Observer, 3. september 2005
  2. Zadie Smith, Granta
  3. 2002-2003 Radcliffe Institute Fellows, arkivert frå originalen 1. oktober 2009, henta 26. mai 2018 
  4. Jennifer Hodgson, «Interview with Zadie Smith», The White Review, Issue 15, December 2015.
  5. Ihsan Taylor (17 September 2006). «Paperback Row». New York Times Book Review. Henta 14 March 2012. 
  6. «On Beauty». Anisfield-Wolf Book Awards. Henta 4. mars 2015. 
  7. Adrian Versteegh, «Zadie Smith Joins NYU Creative Writing Faculty», Poets & Writers, 24. juli 2009.
  8. "Zadie Smith" Arkivert 2021-02-24 ved Wayback Machine. at Rogers, Coleridge & White.
  9. Wollaston, Sam. «NW review – Zadie Smith's London tale has never felt so relevant». Henta 15. november 2016. 
  10. Pearce, Katie (4 November 2015). «Author Zadie Smith shares bits of her unpublished fourth novel, 'Swing, Time'». Henta 9 February 2016. 
  11. Richard Godwin (28. juni 2013). «The world according to Zadie Smith». Evening Standard. 

Litteratur endre

  • Tew, Philip (2009): Zadie Smith. London and New York: Palgrave Macmillan.
  • Walters, Tracey (red.) (2008): Zadie Smith: Critical Essays. New York: Peter Lang Publications.