DS «Osterø»

(Omdirigert frå "DS Osterøen")

DS «Osterø» var eit dampskip som gjekk i rute i Osterfjorden. Det blei bygd i 1880 ved Bergens mekaniske verksted i Solheimsviken, for Osterøens Dampskibsselskab. Rutebåten vart seld til Indre Nordhordland Dampskibsselskab i 1891. I 1916 vart skipet seld enno ein gong og bygd om til fiske. Alt året etter, og året etter der igjen, vart skipet seld på nytt. Siste eigar gav båten namnet «Thor Magnus» med registreringsnummeret ST-26-T. Den 7. oktober 1932, grunnstøytte skipet på veg mellom Kristiansund - Trondheim. Etter forliset vart føraren bøtlagd for slett vakthald.

Bakgrunnsstoff endre