Ájos Spyrídonas i Lemesós

Ájos Spyrídonas (gresk Άγιος Σπυρίδωνας) er ein bydel i LemesósKypros.

Ájos Spyrídonas
bydel
Saint Spyridon's church, Limassol 1.JPG
Land Flag of Cyprus.svg Kypros
Distrikt Distriktet Lemesós
By Lemesós
Folketal 9 439[1] (2011)

Ájos Spyrídonas i Lemesós
34°40′22″ N 33°0′23″ E
Bydelen Ájos Spyrídonas i Lemesós
Bydelen Ájos Spyrídonas i Lemesós
Wikimedia Commons: Saint Spyridon, Limassol

PlasseringEndra

 
Kart over Ájos Spyrídonas

Mot sør grensar Ájos Spyrídonas til bydelen Zakáki, mot søraust til Tsiflikoúdia, mot aust til Omónia, og mot nordaust til Apóstolos Andréas. Mot nord og mot vest grensar bydelen til nabokommunen Káto Polemídia.

HistorieEndra

Før 1960 var Ájos Spyrídonas-området ei stor slette, der det berre var nokre få gardshus. I 1938–39, under det britiske styret, vart det bygd ein flyplass i området. Flyplassen vart driven av britane og vart rekna som nødvendig på grunn av andre verdskrigen som eit vern mot den tyske marinen og luftvåpenet, både for Kypros og for leirane som allierte styrkar hadde sett opp i Palestina og Egypt.[2][3]

Rullebanen starta frå Omónia-området og heldt fram inn i Ájos Spyrídonas-området. Landområdet, som vart beslaglagt av britane, tilhøyrde gresk-kypriotiske grunneigarar. Etter krigen heldt flyplassen fram å operera i fleire år, men i 1947–48 vart han forlaten og landet vart returnert til eigarane.[2][3]

På 1960-talet byrja ei utbygging av området, noko som resulterte i skipinga av bydelane Ájos Spyrídonas og Omónia. Rullebanen vart likevel ikkje fjerna og vart brukt i nokre år som øvingsstad for sjåførar under opplæring, og området blei framleis ofte omtalt som «flyplassen».[2][3]

12. desember 1980 vart den nye kyrkja Ájos Spyrídonas opna i området, på staden til ei eldre kyrkje som hadde vore her.[4]

FolkesetnadEndra

I følgje folketeljingane på Kypros har folkesetnaden i Ájos Spyrídonas auka med åra. Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 vart det bygd ein flyktningebusetnad i området, der gresk-kypriotiske flyktningar busette seg. Dette auka folkesetnaden i området.[4]

KjelderEndra

  1. Folketeljing 2011
  2. 2,0 2,1 2,2 Nettavisa offcite.cy "Λεμεσιανοί Το Γνωρίζατε; - Αυτό ήταν το άγνωστο αεροδρόμιο της Λεμεσού - Λειτούργησε τον Β' Παγκόσμιο Πόλεμο" (Dette var den ukjende flyplassen i Lemesós)]
  3. 3,0 3,1 3,2 Avisa Lemesos "Η Λεμεσός είχε αεροδρόμιο, ξεκινούσε από την Ομονοίας και είχε δίαυλο στην Μίλτωνος στο Ζακάκι" (Lemesós hadde flyplass)
  4. 4,0 4,1 Kyrkja Ájos Spyrídonas "Ο Ναός" (Heilagdomen)