Årfjordbotnet
Årfjordbotnet er ein fjord i Flatanger kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 2,5 km sørover til Årfjordsetran i botn av fjorden.
Fjorden har innløp ved Årfjordstraumen i nord der Glasøyfjorden ligg på nordsida. Sundet ved innløpet er om lag 15 meter breitt og vert kryssa av ei bru. I nordlege delar av fjorden ligg gardane Risskogen, Bekkjavika og Brandsmoen.
64°27′41.036″N 10°50′19.316″E / 64.46139889°N 10.83869889°E