Åsanfjorden
Åsanfjorden er ein fjord på vestsida av Langøya i Bø i Vesterålen, Bø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 10 km austover til Eide i botn av fjorden.
Fjorden startar mellom Floholman i nord og Nittingen i sør. Åsandøyan ligg midt i fjorden og frå her og innover har fjorden fastland på begge sider. Ei anna øy i den ytre delen er Torvøy. På sørsida av fjorden går Spjelkvikvågen og Husvågen sørover. Husvågen er òg ei grend i botn av denne vågen. Mellom Småskjeran og Dagfinnskjeret og inn til botn av fjorden vert han kalla Eidspollen.
Fv915 går langs nordsida av fjorden.